English Grammar 2012
Læringsutbytte
Ved avslutta emne skal studenten
- ha kjennskap til grunnleggjande terminologi innan engelsk grammatikk
- kunne nytte terminologien på faktiske språklege døme
- nytte den teoretiske kunnskapen slik at studenten sin eigen skriftlege engelsk vert korrekt og idiomatisk
- kunne analysere engelsk språk på ord-, frase- og setningsnivå
- ha kjennskap til tilhøvet mellom ordstilling og informasjonsstruktur
- kjenne til dei vanlegaste grammatiske feila hjå norske elevar
- kjenne til hovudskilnadane mellom engelsk og norsk grammatikk
Innhold
Emnet vil gje ei generell innføring i det grammatiske formverket og korleis språket er bygd opp.
Arbeids- og læringsformer
Emnet har fire undervisningstimar i veka, fordelt på førelesingar og seminar. Dei enkelte emneområda vert gjennomgått og forklart på førelesingane. I seminarundervisninga får studentane høve til å arbeide med einskilde tema gjennom oppgåveløysing og diskusjon. Det vert lagt vekt på aktiv studentdeltaking i seminara. Det er krav om 75% oppmøte på seminara.
Vurderingsformer
- Skriftleg eksamen, 5 timer, vektast 100% (gradert karakter)
- Arbeidskrav (1), innlevering (stått/ikkje stått)
- Arbeidskrav (2), innlevering (stått/ikkje stått)
- Arbeidskrav (3), minst 75% oppmøte i seminarundervisninga (må vere oppfylt for at studenten skal kunna gå opp til eksamen)
Alle delane må vere beståtte.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Øystein Heggelund <Oystein.HeggelundSPAMFILTER@hit.no> - 20.11.2015