English through the Ages 2029N

Læringsutbytte

Emnet gjev kunnskap om lingvistiske hovudtrekk ved ulike periodar i historia til det engelske språket. Studenten skal vere i stand til å gjere greie for tilhøvet mellom språkleg utvikling og den historiske og politiske situasjonen på ulike stadier. Studenten skal og ha kunnskap om spreiinga av engelsk til andre delar av verda, og oppnå ei forståing av kvifor engelsk i dag er eit verdsspråk. I arbeidet med originaltekstar vert studentane kjende med språket i dei forskjellige periodane, og kan gjere greie for grunnleggande lingvistiske kjenneteikn i konkrete tekstar.

Gjennom å fokusere på språkutviklinga i engelsk søker emnet også å seie noko om språkendring generelt. Når og korleis endrar språk seg? Kva for faktorar spelar inn? Er språkendringar forutseielege?

Innhold

Det engelske språket har gjennomgått radikale endringar gjennom historia, fra år 700 e.Kr. til i dag. Emnet fokuserer på hovudtrekka ved periodane gamalengelsk, middelengelsk, tidlegmoderne engelsk og moderne engelsk, innan grammatikk, fonologi og vokabular. Språkendringane vert sett i relasjon til politiske, historiske og sosiale tilhøve, inkludert språkkontakt. Både utviklinga mot eit standardspråk og utviklinga av engelsk som eit verdsspråk står sentralt.

Arbeids- og læringsformer

Emnet er nett- og samlingsbasert. Det vil bli halde to samlingar i løpet av semesteret. Utover dette vil det bli nytta nettforelesingar og nettmøte. Det blir og lagt ut undervisningsstoff på Fronter.

Vurderingsformer

  • Heimeeksamen, vektast 40 % (gradert karakter)
  • Skriftleg eksamen, vektast 60 % (gradert karakter)

Alle delane må være bestått.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Kristin Midtbø <kristin.midtboSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Øystein Heggelund - 25.02.2016