Essay Writing 2011
Læringsutbytte
Studenten skal kunne produsere idiomatiske og strukturerte tekstar, kunne reflektere over relevante verkemiddel, og vere medviten om at det er naudsynt å bruke varierte framstillingsmåtar og stilnivå, avhengig av tema og målgruppe. Han/ho skal i tillegg kunne vise litteraturkritisk refleksjon og tilfredsstillande bruk av relevant terminologi.
Innhold
Ein tilfredsstillande kompetanse i engelsk forutset evna til å produsere lengre og samanhengande tekstar om eit breidt spekter av tema. Emnet vil fokusere på praktisk trening i å skrive samanhengande tekstar i forskjellige samanhengar, med særleg vekt på litterære essays.
Arbeids- og læringsformer
Undervisninga (to timar i veka) vil vere ein kombinasjon av førelesing, seminar og workshop. Hovuddelen av sjølve skrivinga vil gå føre seg utanom den ordinære undervisninga, som i hovudsak vil bli nytta til teori, diskusjonar og tilbakemelding på ferdige, innleverte arbeid eller på arbeid som er under produksjon. Det er krav om minst 75% oppmøte på undervisninga.
Vurderingsformer
- Arbeidskrav (1), innlevering (stått/ikkje stått)
- Heimeeksamen (1), vektast 40 % (gradert karakter)
- Heimeeksamen (2), vektast 60 % (gradert karakter)
- Arbeidskrav, minst 75 % oppmøte på undervisningen (må vere oppfylt for at studenten skal kunne gå opp til eksamen)
Alle delane må være beståtte.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Peter Fjågesund <peter.fjagesundSPAMFILTER@hit.no>,Øystein Heggelund <oystein.heggelundSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Øystein Heggelund - 20.11.2015