Grammatikk og pragmatikk 2111
Læringsutbytte
Etter å ha studert emnet skal studentane kunne
- gjere greie for viktige trekk ved moderne norsk grammatikk, spesielt morfologi og syntaks
- gjere greie for viktige tema innanfor pragmatikk og tekstlingvistikk
- bruke kunnskapane til å analysere språkleg materiale, t.d. i grammatisk og tekstleg analyse
- sjå norsk språkstruktur frå eit andrespråksperspektiv og analysere mellomspråkstekstar
- drøfte ulike synsmåtar og analysemåtar i tilknyting til temaa i emnet
- trekkje linjer mellom dei ulike temaa i emnet
- skrive bokmål og nynorsk korrekt og godt
Innhold
Studiet skal gje kunnskap om norsk språkstruktur, lydlære, formlære og setningslære, og språket brukt som kommunikasjonsmiddel (pragmatikk/ språkbruksanalyse). Ein vil presentere ulike teoretiske innfallsvinklar og metodar i arbeidet med grammatisk analyse. Studenten skal og kunne vurdere tekstar av andrespråksbrukarar og vere medveten om ulike trekk frå mellomspråk.
Arbeids- og læringsformer
Vårsemesteret, 7 veketimar i 15 veker. Førelesing, seminar og oppgåveløysing.
Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjuping i norsk, og i årsstudiet i norsk. Emnet er obligatorisk for studentar som vil ha undervisningskompetanse i norsk i grunn- og vidaregåande skole.
Vurderingsformer
- Skriftleg prøve (elementær språkkunnskap, må vere bestått før skriftleg eksamen), 2 timar, bestått/ikkje bestått
- Heimeeksamen (pragmatikk og tekstanalyse, ca. 4000 ord), tel 40 %
- Skriftleg eksamen, 5 timer, tel 60 %
Alle delane skal skrivast på nynorsk, alle delar må vere bestått, gradert karakter
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Evy Beate Tveter <evy.b.tveterSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Kristin Midtbø - 04.04.2016