Historie og teori i kulturstudiane 2550

Læringsutbytte

Kunnskapar

Kandidaten:

• har avansert kunnskap om sentrale teoriar i humanistiske og samfunnsvitskaplege kulturstudiar

• har inngåande kunnskap om ulike teoriar knytte til analyse av identitet og kulturomgrepet

• har inngåande kunnskap om historia og teorien om humaniora og om samfunnsvitskapen, med særleg vekt på kultursosiologien

Dugleikar

Kandidaten kan:

• analysere kritisk eksisterande teoriar i tverrfaglege kulturstudiar

• bruke relevante teoriar og metodar på sjølvstendig grunnlag, og nytte dei til å analysere aktuelle spørsmål innanfor kulturfeltet

• forstå og analysere kritisk kulturelle prosessar i samtida.

Generell kompetanse

Kandidaten:

• skal kunne analysere samfunnsmessige prosessar som er relevante for kulturfeltet

• skal kunne arbeide sjølvstendig og reflektert med prosjekt på kulturfeltet

• er i stand til å gjennomføre og formidle eit omfattande sjølvstendig kulturanalystisk arbeid

• kan gjere greie for kulturfaglege analysar og konklusjonar i ein tverrfagleg samanheng

Innhold

Pensum er delt inn i følgjande hovudbolkar:

Den teoretiske overbygnaden: Kulturomgrepet, kulturstudiar og tverrfagleg teori

Historia og teorien til humaniora, generelt og med vekt på historie- og litteraturfag

Samfunnsvitskapens historie og teori med vekt på kultursosiologien

Sentrale tema i kulturstudiar: Identitet, modernitet og postmodernitet, globalisering

Fag blir til ved at teoriar, ideologiar, og institusjonar avløyser kvarandre. Dei faghistoriske og teoretiske innslaga i emnet følgjer kvarandre tett. Sidan dette er eit tverrfagleg studium, legg vi særleg vekt på slike teoretiske perspektiv som er felles for fleire ulike fagdisiplinar. I tillegg knyter vi teoridanningane til tema som har eit vidt sosialt og kulturelt nedslagsfelt, så som modernitet og postmodernitet, og identitet. Desse temaa vil såleis tene som døme på kva kulturstudiar er, og gi studentane innblikk i dei spesifikke fagtradisjonane som kulturstudiar forvaltar. Eksempla viser også korleis teorien kan brukast i praksis til å gjennomføre konkrete analysar. Dei blir også brukte som springbrett for å drøfte kva tema studentane skal velje for masteroppgåva si, og for korleis dei vil kunne arbeide med ho.

Arbeids- og læringsformer

Førelesingar, seminar, og studentpresentasjonar.

Vurderingsformer

  • Skriftleg eksamen (midtvegsoppgåve hjemmeeksamen) tel 20 %
  • Skriftleg eksamen, 6 timar som tel 80 %

Dei må stå i begge delar av eksamen for å få endeleg karakter i emnet. Gradert karakter.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Kristin Midtbø <kristin.midtboSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ralph Ingemar Stålberg - 19.05.2016