Literature of Mystery and Detection 2030N

Læringsutbytte

Studenten skal ha kunnskap om sentrale tradisjonar, stilar og forfattarskap innen kriminalitteraturen. Dei skal vere i stand til å uttrykke seg munnleg og skriftleg på korrekt engelsk og skal kunne nytte litterære omgrep for å diskutere tekstane.

Innhold

Emnet tar føre seg eit utval engelskspråklege tekstar innanfor genren kriminallitteratur. Tekstane representerer forskjellige tradisjonar og epokar. Pensum vil og innehalde essay og artiklar som kaster lys over og problematiserer tekstene sine genremessige særtrekk og kulturelle og historiske opphav.

Arbeids- og læringsformer

Emnet går om våren og er nett- og samlingsbasert. Det vil bli halde to samlingar i løpet av semesteret. Utover dette vil det bli nytta nettforelesingar (lyd) og nettmøte (lyd). Det blir og lagt ut undervisningsstoff på fronter. Til gitte tider vil lærarane vere disponible i eit samtalerom på fronter.

Vurderingsformer

  • Heimeeksamen, vektast 40 % (gradert karakter)
  • Skriftleg eksamen, vektast 60 % (gradert karakter)

Alle delane må være bestått.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Kristin Midtbø <kristin.midtboSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Øystein Heggelund - 25.02.2016