Masteroppgåve 2596
Innhold
Masteroppgåva skal ha ein tverrfagleg karakter. Dette kjem til uttrykk i val av tematikk eller emne som eignar seg for tverrfagleg studium, dvs som kan studerast frå ulike faglege perspektiv. Tema og problemstilling for masteroppgåva er valfritt, men kan byggje på tema og problemstilllingar frå innføringsemnet eller eitt av fordjupningsmena.
Arbeids- og læringsformer
Kvar student får normert rettleiing i arbeidet med masteroppgåva. Det blir halde masteroppgåveseminar med obligatorisk skriftleg og munnleg framlegging kvart semester. Etter val (eventuelt tildeling) av masteroppgåvetema skal kvar student levere ei prosjektbeskriving innan 15. februar første studieår. Prosjektbeskriving og oppgåvetema skal godkjennast av dei fagansvarlege ved studiet før det blir gjort rettleiingsavtale med studenten. Sidan tematikken i masteroppgåva skal vere av tverrfagleg karakter, vil det normalt vere to rettleiarar. Den ferdige masteroppgåva skal leverast innan 10. mai andre studieåret. Dei neste fristane for innlevering er 1. september og 10. januar. Både prosjektbeskriving og masteroppgåva skal leverast og registrerast i administrasjonen (avdelingskontoret).
Vurderingsformer
- Mastereksamen (masteroppgåve og ei obligatorisk munnleg prøving), gradert karakter
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Ellen Schrumpf <Ellen.SchrumpfSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Kristin Midtbø - 10.01.2016