Metodekurs, ph.d 9209
Læringsutbytte
I Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) er læringsutbytte beskrive gjennom kategoriane kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse. Beskrivinga av dette metodekurset følgjer den malen.
Kunnskapar. Etter avslutta kurs skal PhD-kandidaten ha god kunnskap om og forståing av dei begrepa, teoriane og fakta som blir formidla gjennom kurset. Vidare skal kandidaten kunne dokumentere at desse kunnskapane kan brukast og bidra til kvalitetsutvikling av avhandlingsarbeidet.
Ferdigheiter. Kandidaten skal gjennom kurset tileigne seg kognitive, teknisk-metodiske og kreative ferdigheiter. Dette består dels i å tileigne seg og vurdere kriktisk dei begrepa og reiskapane som kurset formidlar, dels i å knytte dette til det eigne avhandlingsarbeidet, gjerne i tilpassa og personleg form.
Generell kompetanse. Den erfaringa, dei kunnskapane og dei ferdigheitene som kandidaten får gjennom kurset, skal ha ein generell overføringsverdi til andre og ulike vitskaplege utfordringar. Det skal styrke kandidaten si evne til å reflektere over eigne og andre sine metodeval og skal kvalifisere kandidaten til også å gi råd til andre i metodespørsmål.
Innhold
Mål
Det overordna målet med dette kurset er at den enkelte PhD-kandidaten skal fordjupe seg i metodelitteratur på eit høgt nivå på eit avgrensa område som er særskilt relevant for det avhandlingsarbeidet kandidaten gjennomfører. Kurset førutset at kandidaten har grunnleggande kunnskapar om vitskaplege metodar.
Arbeids- og læringsformer
Avhengig av om kurset blir gjennomført som individuelt kurs eller i grupper, kan arbeids- og undervisningsformene vera lesing, praktiske øvingar, førelesningar, seminar, diskusjonar om konkrete tekster eller andre måtar å arbeide med stoffet på som deltakarane og hovudrettleiarane blir samde om.
Vurderingsformer
Dokumentasjon og vurdering
Kurset skal avsluttast og dokumenterast ved at kandidaten skriv eit vitskapleg essay på 8-10 sider (12-punkt skrift, linjeavstand 1). Dette essayet kan utgjera heile eller delar av metodekapitlet/metodeavsnittet i avhandlinga til kandidaten, eller det kan vera eit sjølvstendig essay uavhengig av avhandlinga, men knytt til innhaldet i kurslitteraturen. Kvart essay skal vurderast av to kompetente fagpersonar, og den eine av dei skal vera hovudrettleiaren. Essaya skal bedømmast som Godkjent eller Ikkje godkjent.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Kristin Midtbø <kristin.midtboSPAMFILTER@hit.no> - 07.11.2016