Moderne norsk litteratur 2106

Læringsmål

Etter fullført emne skal studentene kunne:

  • greie ut om hovudtrekk innanfor utvalde forfattarskap i norsk samtidslitteratur
  • analysere enkeltverk i lys av aktuelle problemstillingar
  • presentere sentrale forfattarar og verka deira
  • demonstrere tekstanalytisk kompetanse og evne til å uttrykke seg faglig

Innhold

Norsk samtidslitteratur. Profilen på læringsstoffet kan variere etter kva ein vel å leggja vekt på. Alle dei skjønnlitterære hovudsjangrane vil vera representerte, både lyrikk, dramatikk og forteljande prosa.

Organisering

Høstsemestret, 3 helgesamlingar. Det vil seia fredag og laurdag. Det vil bli lagt ut forelesningar og anna undervisningsmateriell på nett. Helgesamlingane vil ha ein forelesningsdel og ein seminardel der studentane deltek aktivt med innlegg. Dei vil bli prøvde i ei skriftleg innlevering og ein skriftleg slutteksamen.

Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjuping i norsk.

Vurderingsformer

  • Heimeeksamen (om lag 4000 ord med obligatorisk rettleiing) som tel 40 prosent av sluttkarakteren.
  • Skriftleg skoleeksamen som tel 60 prosent av sluttkarakteren.

Begge delar må vera bestått. Det blir nytta gradert karakter.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Arnfinn Åslund <arnfinn.aslundSPAMFILTER@hit.no> - 29.10.2015