Norden 1500-1800: Politisk kultur og sosial kontroll 3509
Læringsutbytte
Emnet skal gje dette læringsutbyttet:
Kunnskap og forståing:
- Kunnskap om dei ulike nordiske statssystema i tidleg nytid og forskjellane mellom dei.
- Kunnskap om politisk kultur og sosial kontroll i dei nordiske landa i tidleg nytid og utviklinga av desse.
- Forståing for korleis dei ulike nordiske landa sine statssystem blir spegla i dei respektive landa sin politiske kultur og sosiale kontroll.
- Forståing av metodar som nyttast innanfor historiefaget og tilhøvet mellom kjeldegrunnlag og historiske framstillinger og hypotesar. Kjennskap til komparativ metode.
- Forståing for historisk forskningsdebatt.
Dugleik:
- Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument i samsvar med historiefaget sine allmenne reglar for kritikk.
- Evne til å kommunisere munnleg om faget ved hjelp av aksepterte terminologiar og teknikkar i faget.
- Evne til å formulere historiefagleg fruktbare problemstillinger.
- Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å dra sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
- Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.
- Ha kjennskap til og kunne nytte informasjons- og søkjeverktøy som bibliografisk materiale, arkivmateriale, elektroniske referansar.
Kompetanse:
- Formidle avansert fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
- Kunne arbeide sjølvstendig med ei gjeven eller eigenformulert problemstilling.
- Ha evne til å setje seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
- Kunne utveksle synspunkt på historiske emne og grunngje faglege standpunkt.
- Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar.
Innhold
Tyngdepunkt i emnet er:
- Statssystema i dei ulike nordiske landa i tidleg nytid og samanlikning mellom desse.
- Den politiske kulturen som omfattar deltaking, ytringsformer, avgjerdsprosessar og avgjerdsprinsipp. Særleg vil det bli fokusert på bondestanden sin anledning til å påverke og bli høyrt gjennom ulike administrative og politiske kanalar. Endringar og samanlikning mellom dei nordiske landa vil bli særleg lagt vekt på.
- Retts- og domstolsystemet i dei ulike nordiske landa i tidleg nytid og samanlikning mellom desse.
- Den offisielle kontrollen og den uoffisielle disiplineringa av folket, og korleis konfliktar, normer og lovbrot blei handsama, fyrst og fremst slik det kjem til uttrykk i domstolane og rettsmaterialet. Endringar og samanlikning mellom dei nordiske landa vil bli særleg lagt vekt på.
- Einskildmennesket som historisk aktør i relasjon til styresmaktene og til kvarandre.
Emnet er forskningsbasert i og med at det til vanleg er aktive forskarar som underviser og som trekkjer inn eigne erfaringar der det er relevant.
Arbeids- og læringsformer
Undervisinga vert gjeve som seminar eller forelesingar, og vil vere delvis samlingsbasert. E-verkty vil verte nytta. Mesteparten av den undervisinga som vert gjeve vil det gjerast opptak av, slik at dei som ikkje kan følgje ho i sanntid, kan gjennomgå opptaka i ettertid. Undervising som blir gjeve i form av seminar krev aktiv deltaking frå studentane. For at ein skal nå læringsutbyttet, er det naudsynt at studentane har førebudd seg grundig til undervisinga.
I tillegg til undervisinga på høgskolen tilbyr vi dei som tek kurs i nordisk historie i løpet av studieåret ein ekskursjon på 4-7 dager til eit anna nordisk land enn Norge. I dei studieåra der 3509 vert tilbode, vil ekskursjonen alltid vere relevant for 3509-emnet. Ekskursjonen vert som regel arrangert i oktober. Ekskursjonen er til vanleg sterkt subsidiert, men studentane vil måtte dekkje en del av sine eigne utgifter.
Det skal gjennomførast eit obligatorisk arbeidskrav.
Vurderingsformer
- Skriftleg eksamen, 6 timer, gradert karakter
- Obligatorisk arbeidskrav, (vert spesifisert i semesterplanen)
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Kristin Midtbø <Kristin.MidtboSPAMFILTER@hit.no>,Kai Østberg <kai.ostbergSPAMFILTER@hit.no>,Herleik Baklid <Herleik.BaklidSPAMFILTER@hit.no> - 06.05.2016