Norden etter 1740: Fellesskap og fragmentering 3514

Læringsutbytte

Emnet skal gje dette læringsutbyttet:

Kunnskap og forståing:

  • Kunnskap om nordisk politisk kultur og nasjonalisme i perioden ca 1740-1914.
  • Forståing av kva som særpregar nordisk politisk kultur og nasjonalisme av korleis og kvifor særdraga har utvikla seg.
  • Forståing av prosessar som har virka for og mot nordisk fellesskap i perioden.
  • Forståing av metodar som vert nytta innafor historiefaget og tilhøvet mellom kjeldegrunnlag og historiske framstillingar og hypotesar. Kjennskap til komparativ metode.
  • Forståing for historisk forskingsdebatt.

Dugleik:

  • Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument ut frå historiefagets allmenne reglar for kritikk
  • Evne til å kommunisere munnleg om faget ved hjelp av dei aksepterte terminologiane og teknikkane i det.
  • Evne til å formulere historiefagleg fruktbare problemstillingar.
  • Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å trekkje sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
  • Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.
  • Ha kjennskap til og kunne nytte informasjons- og søkjeverkty som bibliografisk materiale, arkivmateriale, elektroniske referansar.

Kompetanse:

  • Formidle avansert fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
  • Kunne arbeide sjølvstendig med en gjeven eller eigenformulert problemstilling.
  • Ha evne til å setje seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
  • Kunne utveksle synspunkt på historiske emne og grunngje faglege standpunkt.
  • Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar.

Innhold

Tyngdepunkt i emnet er

  • Politisk kultur og nasjonalisme i ein europeisk kontekst
  • Monarkia si krise og fornying.
  • Forvandlinga av den politiske debatten.
  • Kvinneleg og mannleg som politiske dimensjonar.
  • Politisk deltaking – endringar i form og omfang.
  • Utviklinga av nasjonale identitetar og nasjonalisme i Norden.
  • Skandinavisme og skandinavisk samarbeid.

Emnet er forskingsbasert i og med at det til vanleg er aktive forskarar som underviser og som trekkjer inn eigne erfaringar der det er relevant.

Arbeids- og læringsformer

Undervisinga blir gjeve som seminar eller forelesingar, og vil vere delvis samlingsbasert. E-verkty vil verte nytta. Mesteparten av den undervisinga som vert gjeve vil det gjerast opptak av, slik at dei som ikkje kan følgje ho i sanntid, kan gjennomgå opptaka i ettertid. Undervising som blir gjeve i form av seminar krev aktiv deltaking frå studentane. For at ein skal nå læringsutbyttet, er det naudsynt at studentane har førebudd seg grundig til undervisinga.

I tillegg til undervisinga på høgskolen tilbyr vi dei som tek kurs i nordisk historie i løpet av studieåret ein ekskursjon på 4-7 dager til eit anna nordisk land enn Norge. I dei studieåra der 3509 vert tilbode, vil ekskursjonen alltid vere relevant for 3509-emnet. Ekskursjonen vert som regel arrangert i oktober. Ekskursjonen er til vanleg sterkt subsidiert, men studentane vil måtte dekkje en del av sine eigne utgifter.

Det skal gjennomførast eit obligatorisk arbeidskrav..

Vurderingsformer

  • Skriftlig eksamen, 6 timer, gradert karakter.
  • Obligatorisk arbeidskrav (vert spesifisert i semesterplanen).

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Jens Johan Hyvik <jens.j.hyvikSPAMFILTER@hit.no>,Kai Østberg <kai.ostbergSPAMFILTER@hit.no>,Herleik Baklid <herleik.baklidSPAMFILTER@hit.no>,Kristin Midtbø <kristin.midtboSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Kristin Midtbø - 06.05.2016