Nordisk historie oversyn 3508

Læringsutbytte

Emnet skal gje dette læringsutbyttet:

Kunnskap og forståing:

  • Godt oversyn over hovudtrekka i Nordens historie frå og med middelalderen til i dag.
  • Forståing av særdrag ved dei nordiske samfunna og av korleis dei har utvikla seg.
  • Kjenne til hovudtrekk ved det nordiske samarbeidet.
  • Forståing av den rolla Norden har spela og spelar internasjonalt.
  • Forståing av metodar som vert nytta innafor historiefaget og tilhøvet mellom kjeldegrunnlag og historiske framstillingar og hypotesar. Kjennskap til komparativ metode.
  • Forståing for historisk forskingsdebatt.

Dugleik:

  • Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekster og dokument ut frå historiefagets allmenne reglar for kritikk.
  • Evne til å kommunisere munnleg om faget ved hjelp av dei aksepterte terminologiane og teknikkane i det.
  • Evne til å formulere historiefagleg fruktbare problemstillingar.
  • Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å trekkje sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
  • Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.

Kompetanse:

  • Formidle avansert fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
  • Kunne arbeide sjølvstendig med en gjeven eller eigenformulert problemstilling.
  • Ha evne til å setje seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
  • Kunne utveksle synspunkt på historiske emne og grunngje faglege standpunkt.
  • Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar.

Innhold

Tyngdepunkt i emnet er

  • Nordisk historie i vikingtid og mellomalder: Sosiale, økonomiske og kulturelle tilhøve. Politisk historie fram til ca. 1340.
  • Nordens historie 1340-1520, med hovudvekt på Kalmarunionen: Bakgrunn, etablering, konfliktlinjer, oppløysing.
  • Politikk, religion og økonomi ca. 1510-1610.
  • Politikk, økonomi og sosiale tilhøve ca. 1610-1815.
  • Norden skifter ham: Sosial og økonomisk utvikling på 1800-talet og tidleg 1900-tal.
  • Sjølvstendestrid og framveksten av det borgerlege demokratiet.
  • Norden i Europa – ulike interesser og ulike tryggingspolitiske behov.
  • Politisk og økonomisk utvikling i Norden etter 1945.
  • Nordenomgrepet: Bør vi oppfatte Norden som ein heilskap? Kva tydar eigentleg omgrepet «Norden»?
  • Komparasjon: Kvifor og korleis samanlikne dei nordiske landa? Grunnleggande om komparativ metode.

Emnet er forskingsbasert i og med at det til vanleg er aktive forskarar som underviser og som trekkjer inn eigne erfaringar der det er relevant. Under ekskursjonen knytta til emnet (sjå under) vil studentane også kome i direkte kontakt med aktive forskarar.

Emnet er innhaldsmessig knytta til dei andre påbyggingskursa i nordisk historie (sjå eigen beskriving av samanhengen mellom påbyggingskursa). Det er berekna å bli teke saman med eitt eller to fordjupingsemne i nordisk historie, kvart på 10 studiepoeng. Emnet 3508 gjev bakgrunnskunnskapar og metodisk basis for desse fordjupingsemna, og vi tilrår difor at dei vert teke saman med eller før desse.

Arbeids- og læringsformer

Undervisinga blir gjeve som seminar eller forelesingar, og vil vere delvis samlingsbasert. E-verkty vil verte nytta. Mesteparten av undervisinga vil det verte gjort opptak av, slik at dei som ikkje kan følgje ho i sanntid, kan gjennomgå opptaka i ettertid. Metodedelene av pensum vert alltid undervist som seminar der det krevst aktiv deltaking frå studentane. For at ein skal nå læringsutbyttet, er det naudsynt at studentane har førbudd seg grundig til all undervisning.

I tillegg til undervisinga på høgskolen tilbyr vi dei som tek kurs i nordisk historie i løpet av studieåret ein ekskursjon på 4-7 dager til eit anna nordisk land enn Norge. Ekskursjonen vert som regel arrangert i oktober. Den er til vanleg noko subsidiert.

Det skal gjennomførast eit obligatorisk arbeidskrav.

Vurderingsformer

  • Skriftleg eksamen, 6 timer, gradert karakter
  • Obligatorisk arbeidskrav (spesifisert i semesterplanen)

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Kristin Midtbø <kristin.midtboSPAMFILTER@hit.no>,Kai Østberg <kai.ostbergSPAMFILTER@hit.no>,Herleik Baklid <herleik.baklidSPAMFILTER@hit.no> - 06.05.2016