Noreg før 1800 3543
Læringsutbytte
Emnet skal gje dette læringsutbyttet:
Kunnskap og forståing:
• Godt oversyn over hovudtrekka i norgeshistoria før ca. 1800.
• Brei kunnskap om viktige historiske hendingar i perioden, og bakgrunnen for dei.
• Inngåande kjennskap til eit avgrensa tema i norgeshistorie i tida før 1800.
• Kjennskap til kjeldegrunnlag og relevant forskingslitteratur for temaet.
• Forståing av metodar som vert nytta innanfor ulike felt av historiefaget.
• Forståing av korleis historisk kunnskap vert oppbygd.
Dugleik ein skal oppnå:
• Å kunne kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument etter historiefagets allmenne reglar for kritikk.
• Å kunne tolke og analysere historiske data, kjelder og litteratur, og å kunne trekkje sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
• Å kunne argumentere og å tenke analytisk.
• Å kunne reflektere over metodiske og teoretiske spørsmål
• Å kunne organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent vis.
• Å meistra verktøy for informasjon og søking.
Kompetanse:
• Formidle fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
• Kunne arbeide sjølvstendig med ein gjeven problemstilling.
• Kunne sette seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
• Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale og kulturelle opphav.
• Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar
Innhold
Emnet inneheld to hovuddelar, ein oversynsdel som utgjer ca. 2/3 av arbeidsmengda og ein spesialiseringsdel som utgjer ca. 1/3
Tyngdepunkt i oversynsdelen av emnet er
– Land og folk frå istid til vikingtid
– Rikssamling og kristning
– Kongemakt og kyrkjemakt i høgmellomalderen
– Mellomaldersamfunnet
– Pest og krise
– Kalmarunionen og striden om den
– Reformasjon, rettsutvikling og kulturutvikling
– Kampen om herredømet i Norden
– Næringsliv og samfunnsgrupper i tidleg nytid
– Statsmakta og undersåttane
– Frå adelsvelde til einevelde
– Noreg i den dansk-norske heilstaten.
Spesialiseringsdelen av emnet kan veksle mellom ulike enkelttema, til dømes:
–Heidendom og kristendom ca. 800-1100
–Kong Sverre - mannen og kongedømet
–Høvisk kultur i høgmellomalderen
–Trolldomsprosessar med vekt på tida 1550–1700
–Fridomsidear og patriotisme 1750–1814
Emnet er basert på forsking i og med at dei som underviser normalt er aktive forskarar. Kjeldemateriale frå læraren si forsking kan verta nytta som eksempel i forelesingar eller i øvingsoppgåver.
Emnet er ein del av årsstudiet i historie (se eigen plan for dette). Det er meininga at ein tek det saman med emnet 3541, på 15 studiepoeng. Dei fleste vil byrje med desse to emna i årsstudiet, men det er også mogleg å byrje årsstudiet om våren, med 30 studiepoeng i nyare historie (emna 3543 og 3544).
Arbeids- og læringsformer
Undervisinga består av forelesingar, lydfiler lagt ut på nettet, seminarform med oppgåveløysing, ekskursjonar, studentinnlegg og -oppgåver og individuell rettleiing. I forelesingane og lydfilene vert tyngdepunkta i emnet gjennomgått og forklart med sikte på, i kombinasjon med studentane si sjølvstendige lesing av pensum, å oppnå det læringsutbyttet som er nemnt ovanfor.
Attmed undervisinga vil studentane ha stor nytte av å samtale om pensum og studieproblem i kollokviegrupper, og lærestaden vil leggje til rette for å organisere slike grupper.
Vurderingsformer
- Skriftleg eksamen, 6 timer, gradert karakter
- Arbeidskrav. Er spesifisert i semesterplanen.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no>,Kai Østberg <kai.ostbergSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Kai Peter Østberg - 13.11.2015