Språket i utvikling og variasjon 2112
Læringsutbytte
Etter studiet skal studenten kunne gjere greie for kva for språklege endringar som ligg til grunn for mangfaldet i det moderne norske talemålet. Han/ho skal ha oversikt over dei viktigaste diakrone utviklingstrekka frå urnordisk språk og fram til i dag, både dei indre endringane i språket og dei ytre faktorane. I tillegg skal studenten vere i stand til å heimfeste norske målføre ut frå dei ulike dialekttrekka. Studiet skal føre til kunnskap om sambandet mellom ulike former for språkleg variasjon og ulike samfunnstilhøve.
Innhold
Språkendringar frå urnordisk og fram til moderne norsk. Norrønt språk. Norske dialekter. Språkpolitikk og skriftmålssituasjonen i Noreg. Innføring i sosiolingvistikk.
Arbeids- og læringsformer
Haustsemesteret, 6 veketimar i 15 veker. Førelesing og seminar.
Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjuping i norsk, og i årsstudiet i norsk. Emnet er obligatorisk for studentar som vil ha undervisningskompetanse i norsk i grunn- og vidaregåande skole.
Vurderingsformer
- Heimeeksamen (2 stykk), tel 40 %
- Skriftleg eksamen, 5 timar, tel 60 %
Alle delane skal skrivast på bokmål og alle delar må vere bestått, gradert karakter
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Evy Beate Tveter <evy.b.tveterSPAMFILTER@hit.no> - 04.11.2015