Språket i utvikling og variasjon (samlings- og nettbasert) 2120
Læringsutbytte
Etter studiet skal studenten kunne gjere greie for kva for språklege endringar som ligg til grunn for mangfaldet i det moderne norske talemålet. Han/ho skal ha oversikt over dei viktigaste diakrone utviklingstrekka frå urnordisk språk og fram til i dag, både dei indre endringane i språket og dei ytre faktorane. I tillegg skal studenten vere i stand til å heimfeste norske målføre ut frå dei ulike dialekttrekka. Studiet skal føre til kunnskap om sambandet mellom ulike former for språkleg variasjon og ulike samfunnstilhøve.
Innhold
Språkendringar frå urnordisk og fram til moderne norsk. Norrønt språk. Språkpolitikk og skriftmålssituasjonen i Noreg. Norske dialekter. Innføring i sosiolingvistikk.
Arbeids- og læringsformer
Annakvart haustsemester. To helgesamlingar à to dagar, nettførelesingar og diskusjonsforum. Faglærar vil vere tilgjengeleg for spørsmål i forumet på Fronter, og det vert jamleg lagt ut undervisningsstoff på Fronter. Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjupning i norsk, og i årsstudiet i norsk. Emnet er obligatorisk for studentar som vil ha undervisningskompetanse i norsk i grunn- og vidaregåande skole.
Vurderingsformer
- Heimeeksamen (2 stykk), tel til saman 40 %
- Skriftleg eksamen, 5 timar, tel 60 %
Alle delane skal skrivast på bokmål og alle delar må vere bestått. Gradert karakter på alle eksamenar.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Evy Beate Tveter <evy.b.tveterSPAMFILTER@hit.no> - 04.11.2015