Verda før 1800 3541

Læringsutbytte

Emnet skal gje dette læringsutbyttet:

Kunnskap og forståing:

• Godt oversyn over hovudtrekka i verdshistoria før ca. 1750.

• Brei kunnskap om viktige historiske hendingar i perioden, og bakgrunnen for dei.

• Inngåande kjennskap til eit avgrensa tema i verdshistorie i tida før 1750

• Kjennskap til kjeldegrunnlag og relevant forskingslitteratur for temaet.

• Forståing av metodar som vert nytta innanfor ulike felt av historiefaget.

• Forståing av korleis historisk kunnskap vert oppbygd.

Dugleik ein skal oppnå:

• Å kunne kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument etter historiefagets allmenne reglar for kritikk.

• Å kunne tolke og analysere historiske data, kjelder og litteratur, og å kunne trekkje sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.

• Å kunne argumentere og å tenke analytisk.

• Å kunne reflektere over metodiske og teoretiske spørsmål

• Å kunne organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent vis.

• Å meistra verktøy for informasjon og søking.

Kompetanse:

• Formidle fagleg innhald både munnleg og skriftleg.

• Kunne arbeide sjølvstendig med ein gjeven problemstilling.

• Kunne sette seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.

• Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale og kulturelle opphav.

• Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar

Innhold

Emnet inneheld to hovuddelar, ein oversynsdel som utgjer ca 2/3 av arbeidsmengda og ein spesialiseringsdel som utgjer ca. 1/3

Tyngdepunkt i oversynsdelen av emnet er

– Samfunn og politikk i Hellas i antikken

– Den politiske utviklinga (republikk og keisardøme) i Roma

– Det romerske verdsrikets vekst og fall

– Det bysantiske riket og framveksten av Islam

– Europa tek form, kristning, styreformer og nasjonar

– Samfunn, økonomi og kultur i mellomalderen

– Framveksten av sterke statsmakter og ein sterk, pavestyrt kyrkje

– Krisa i seinmellomalderen

– Den vestlege, kristne kyrkja vert splitta

– Krig og maktkamp i tidleg nytid

– Verdsmarknad og kulturmøte

– Fornyinga av kunstens, vitskap og politisk tenking

– Kampen for fridom i Vest-Europa og sigeren for dei autoritære kreftane i aust

Spesialiseringsdelen av emnet kan veksle mellom ulike enkelttema, til dømes:

– Det athenske demokratiet

– Samfunn og politikk i antikkens Roma

– Kyrkje og helgenkult i europeisk middelalder

– Den franske revolusjonen Klasse, stand, politisk kultur

Emnet er ein del av årsstudiet i historie (sjå eigen plan for dette).

Emnet er basert på forsking i og med at dei som undervis normalt er aktive forskarar. Kjeldemateriale frå læraren si forsking kan verta nytta som eksempel i forelesingar eller i øvingsoppgåver.

Emnet er ein del av årsstudiet i historie (se eigen plan for dette). Det er meininga at ein tek det saman med emnet 3542, på 15 studiepoeng. Dei fleste vil byrje med desse to emna i årsstudiet, men det er også mogleg å byrje årsstudiet om våren, med 30 studiepoeng i nyare historie (emna 3543 og 3544).

Arbeids- og læringsformer

Undervisinga består av forelesingar, lydfiler lagt ut på nettet, seminarform med oppgåveløysing, ekskursjonar, studentinnlegg og -oppgåver og individuell rettleiing. I forelesingane og lydfilene vert tyngdepunkta i emnet gjennomgått og forklart med sikte på, i kombinasjon med studentane si sjølvstendige lesing av pensum, å oppnå det læringsutbyttet som er nemnt ovanfor.

Attmed undervisinga vil studentane ha stor nytte av å samtale om pensum og studieproblem i kollokviegrupper, og lærestaden vil leggje til rette for å organisere slike grupper.

Vurderingsformer

  • Skriftlig eksamen, 6 timer, gradert karakter
  • Arbeidskrav. Er spesifisert i semesterplanen.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Kai Østberg <kai.ostbergSPAMFILTER@hit.no>,Eline Flesjø <eline.flesjoSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Jens Johan Hyvik - 13.11.2015