American Literature and Culture 1600-1980 2008

Læringsutbytte

Studentane skal ha grunnleggande kunnskap om sentrale amerikanske forfattarar og forfattarskap, og om den kulturelle og idéhistoriske utviklinga i perioden, og skal kunne diskutere form og innhald i tekstpensumet ved bruk av relevant terminologi. Studentane vert forventa å kunne reflektere kritisk, i skriftleg og munnleg form, rundt temaet for emnet. På bakgrunn av denne kunnskapen og desse dugleikane skal dei vidare vere i stand til å orientere seg og vidareutvikle sin eigen kunnskap innan feltet.

Innhold

Emnet vil følgje USA si utvikling fra koloni i utkanten av den vestlege verda til moderne supermakt ved å studere skjønnlitteratur fra eit breidt spekter av genrar, saman med sakprosa fra fleire historiske epokar. Tekstane vert altså lesne i deira politiske og/eller historiske kontekst, men vil også bli diskutert som frittståande verk. Hovuddelen av tekstane vil bli henta frå det 19. og det 20. århundre.

Arbeids- og læringsformer

Undervisninga vert organisert som førelesingar og seminar. Førelesingane vil gje bakgrunn for dei emneområda som vert tekne opp og vil også verte nytta til å gjennomgå pensumlitteratur. Seminara vert nytta til gjennomgang og diskusjon av pensumtekstar, og legg stor vekt på aktiv deltaking frå studentane, særleg med tanke på å fremje den munnlege kompetansen i faget. Det er krav om minst 75% oppmøte på seminara.

Vurderingsformer

  • Skriftleg eller munnleg eksamen, vektast 100% (gradert karakter)
  • Arbeidskrav (1), innlevering (stått/ikkje stått)
  • Arbeidskrav (2), minst 75% oppmøte i seminarundervisninga (må vere oppfylt for at studenten skal kunne gå opp til eksamen)

Alle delane må være bestått.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Kristin Midtbø <kristin.midtboSPAMFILTER@hit.no>,Inger-Anne Søfting  <Inger-Anne.SoftingSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Øystein Heggelund - 20.11.2015