Bacheloroppgåve - avsluttande prosjekt FMUS3

Læringsutbytte

Sjå studieprogram.

Innhold

Bacheloroppgåva tek form av eit prosjektarbeid med tilhøyrande rapport (minimum 30 sider) Prosjektet kan vinklast mot utøving / formidling eller mot ei meir teoretisk analyse av eit tradisjonsmateriale. Eit ferdig bachelorprospekt (med problemstilling og arbeidsplan) skal leverast ved semesterstart.

I ei utøvande / formidlande retning vil prosjektet kunne ta praktisk form av t.d. ein konsertserie, ein CD-produksjon, eit undervisningsopplegg eller arbeid i media/ ulike kulturinstitusjonar.

Ei meir teoretisk vektlegging må drøfte tradisjonsmaterialet utifrå ein musikkteoretisk, samfunnsvitskapleg og/eller kulturhistorisk ståstad.

Eit utanlandsopphald på minimum tre månader hjå ein av instituttet sine nettverkspartnarar kan vere aktuelt i samband med arbeidet med bacheloroppgåva. Erfaringar og kunnskap frå utanlandsopphaldet skal integrerast i bacheloroppgåva.

For studenten kan det vere særleg nyttig å velje emne/tema utifrå omsynet til eit framtidig masterstudium i tradisjonskunst.

Samspel

I dette semesteret kan studentane arbeide i faste samspelsgrupper, sett saman etter ynskje frå studentane. Samspelgruppene er sett saman av studentar frå alle studieåra.

Arbeids- og læringsformer

Studiet er lagt til vårsemesteret.

Det er tre obligatoriske seminar i løpet av semesteret. Desse seminara er meint å følgje opp bachelorprosjektet, der problemstillingar, teori og praktisk gjennomføring blir vurdert og drøfta

Ekskursjonar vil normalt vere knytt til ekskursjonar som første- og/eller andreårsstudentar gjennomfører. Det er elles naturleg at tredjeårsstudentane deltar i arrangement i instituttet sin regi der det er praktisk mogleg.

Der det er relevante kurs haldne av gjestelærarar, vil desse vere obligatoriske.

For studentar som vel utanlandsopphald, kan deltaking på seminar og kurs falle bort dersom dette ikkje lar seg gjennomføre av dokumenterte, praktiske grunnar.

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er forelesingar, seminar, gruppearbeid, individuell rettleiing, ekskursjonar, sjølvstudium/feltarbeid og heimeoppgåver.

Studiet er prosjektretta og studentane må arbeide individuelt og i grupper for å planlegge og gjennomføre konsertar, turné og andre aktuelle formidlingsoppgåver. Meir forskingsprega arbeid og feltarbeid krev også ein sjølvstendig innsats.

Alle studentar har krav på vegleiing i samband med prosjektarbeidet. I samråd med rettleiar må studenten finne relevant litteratur.

Vurderingsformer

Eksamen i bachelorprosjektet skal avsluttast med ein munnleg eksamen, der studenten blir eksaminert i både praktiske og teoretiske komponentar for å fastsette sluttkarakter i bachelorprosjektet.

Det er mogleg å vekte den utøvande delen og den teoretiske delen ulikt. Om det er ei oppgåve med eit utøvande siktemål, vil utøvinga ha størst vekting ved karaktersetjinga, og motsatt, om det teoretiske perspektivet har størst verdi for oppgåva sin heilskap. Det er likevel viktig for vurderinga at den praktiske og teoretiske komponenten i prosjektet utgjer ein heilskap.

Den munnlege eksamen kan verke inn på karakteren. På grunnlag av vurderinga av utøvande del og skriftleg del i bacheloroppgåva, og resultatet frå munnleg eksamen, vil samla karakter for bachelorprosjektet bli fastsett av sensor.

Det blir gjeve karakter etter karakterskalaen frå A til F (A-E er bestått karakter, F er ikkje bestått. ). Det vert ført ein karakter på vitnemålet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Jorunn Halvorsen - 16.06.2016