Norsk 2 - Norskfagleg fordjuping NOR 504
Læringsutbytte
Norskfaget i grunnskolelærarutdanninga handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Faget skal få studentane til å forstå seg sjølve i ein større, fleirkulturell samanheng. Å vere lærar for elevar på mellom- og ungdomstrinnet i alderen mellom 11 og 16 år krev at ein kan leggje til rette for at elevane vidareutviklar seg som lesarar, skrivarar og munnlege språkbrukarar, og at ein kan gi opplæring i dei grunnleggjande ferdigheitene.
Studenten skal etter arbeid med NOR 504 «Norskfagleg fordjuping» ha fylgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten skal kunne
- drøfte korleis gutar og jenter på ungdomssteget kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing og lesestrategiar, både elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk
- greie ut om og drøfte korleis elevar på ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine, både elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk
- vise utvida og vitskapleg basert innsikt i eit utval norskfaglege emne (sjå semesterplanen)
- vurdere forskingslitteratur kritisk og etter vitskaplege prinsipp
Dugleikar
Studenten skal kunne
- nytte forskingslitteratur i eigne tekstar
- presentere elevar for vitskaplege problemstillingar innan norskfaget
- setje i gang, rettleie og vurdere munnleg, skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set
Generell kompetanse
Studenten skal kunne
- arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø, utvikle språk- og kulturforståinga hjå elevane og rettleie elevane i arbeidet deira
- uttrykkje seg ved ein klar og trygg språkbruk, både munnleg og i begge skriftlege målformer
- nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon, og vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar
- reflektere over norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie, og sjå faget i eit større danningsperspektiv, samt bidra til utvikling av lokale læreplanar i faget
- planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 5. til 10. klasse, og bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget
Innhold
Norskfagleg fordjuping er tittelen på fjerde modul av norskfaget ved GLU 5–10. Felles for tredje og fjerde modul er fokuset på språk og tekst i fortid og samtid. Fjerde modul inneheld eit utval emne som er presisert i semesterplanen. Emnet formidlar forskingsbasert kunnskap samstundes som studenten skal lese vitskaplege tekstar og skrive oppgåver etter vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp.
Arbeids- og læringsformer
I fjerde modul er undervisningsforma både forelesingar og seminar, og det er venta at studentane skal bidra med innlegg og delta i faglege drøftingar. Det blir opplyst i semesterplanen om det er obligatorisk oppmøte og deltaking. Det blir lagt stor vekt på både lese- og skriveutvikling hjå studentane.
Vurderingsformer
Undervegsvurderinga består av obligatoriske arbeidskrav som blir fastsette i semesterplanen. Desse arbeidskrava må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Sluttvurderinga er todelt: Kandidaten vil bli prøvd i både ei individuell skriftleg fordjupingsoppgåve og ein individuell munnleg skoleeksamen.
Fordjupingsoppgåva arbeider kandidaten med gjennom emnet. Studenten lagar sjølv problemstilling, og denne må bli godkjent av faglærar etter nærmare retningslinjer i semesterplanen. Målforma er valfri, lengda er 4000 ord. Oppgåvesvaret blir vurdert med ein gradert karakter frå A til F, der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter.
Den munnlege eksamenen varer i omkring 30 minutt, og kandidaten blir høyrd i pensum i emnet. Det blir gitt ein gradert karakter frå A til F, der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter.
Kandidaten får éin samla karakter i denne modulen. Fordjupingsoppgåva tel 60 %, den munnlege eksamenen tel 40 %.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Line Sjøtun Helganger <line.s.helgangerSPAMFILTER@hit.no> - 18.12.2015