2424 Norsk 2, trinn 5-10, nettbasert, bachelor
Innledning
Norskfaget i grunnskolelærarutdanninga handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Faget skal få studentane til å forstå seg sjølve i ein større, fleirkulturell samanheng. . Å vere lærar for elevar på mellom- og ungdomstrinnet i alderen mellom 11 og 16 år krev at ein kan leggje til rette for at elevane vidareutviklar seg som lesarar, skrivarar og munnlege språkbrukarar, og at ein kan gi opplæring i dei grunnleggjande ferdigheitene.
I Norsk 2 skal studenten få utvida forskingsbasert innsikt i norsk språk, tekstkunnskap og fagdidaktikk. Det historiske perspektivet på norskfaget og det norske språket vil bli særleg framheva. Studenten vil få innsikt i korleis det norske språket har endra seg gjennom tidene, og slektsskapet til dei andre nordiske språka. Felles for tredje og fjerde modul er fokuset på språk og tekst i fortid og samtid. Studiet skal byggje på forsking. Det vil seie at undervisninga vil formidle forskingsbasert kunnskap samstundes som studenten skal lese vitskaplege tekstar og skrive oppgåver etter vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp.
Målgruppe og opptakskrav
Målgruppa er lærarar som ønskjer vidareutdanning i norsk språk og litteratur. Norsk 2 byggjer på Norsk 1 eller tilsvarande.
Mål for studieprogrammet
Studiet skal førebu studentane fagleg og didaktisk til å undervise i norsk på mellom- og ungdomstrinnet. Norsk 2 bygger på Norsk 1 og gir rom for ein større grad av fagleg fordjuping i norskfaglege tema. I emnet NOR 503 er det historiske perspektivet sentralt, både når det gjeld språklege og litterære emne. Dei språklege emna er knytte til både notid og fortid, t.d. språkhistorie, ungdomsspråk og sidemålsdidaktikk. Studenten skal også lese både eldre og nyare skjønnlitteratur, essay og sakprosa, av og til med eit komparativt blikk på nordisk og internasjonal litteratur, og med eit kritisk blikk på kanonspørsmålet. Emnet NOR 504 inneheld eit utval emne som er presisert i semesterplanen. I fjerde modul er undervisningsforma både forelesingar og seminar, og det er venta at studentane skal bidra med innlegg og delta i faglege drøftingar.
Læringsutbytte
Læringsutbyttet er presist omtalt i emneplanane for NOR 503 og NOR 504.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Obligatorsike emner:
|
Norsk 2 består av to emne som utgjer kvar sin modul: NOR 503 og NOR 504, kvar på 15 studiepoeng.
Arbeids- og læringsformer
Arbeidet i studiet blir organisert på ulike måtar: fellesforelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper og oppgåveskriving. Det blir opplyst i semesterplanen om noko er obligatorisk. Det blir lagt stor vekt på både lese- og skriveutvikling hjå studentane.
Vurderingsformer
Undervegsvurderinga består av obligatoriske arbeidskrav som blir fastsette i semesterplanen. Desse arbeidskrava må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Som sluttvurdering i emnet NOR 503 blir kandidaten prøvd i ein skriftleg, individuell skoleeksamen på 6 timar, der målforma er nynorsk. Ingen hjelpemiddel er tillatne under eksamen, heller ikkje ordliste. Det blir gitt éin karakter gradert frå A til F, der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter.
Sluttvurderinga i NOR 504 er todelt: Kandidaten vil bli prøvd i både ei individuell skriftleg fordjupingsoppgåve og ein individuell munnleg skoleeksamen. Fordjupingsoppgåva arbeider kandidaten med gjennom emnet. Kandidaten lagar sjølv problemstilling, og denne må bli godkjent av faglærar etter nærmare retningslinjer i semesterplanen. Målforma er valfri, lengda er 4000 ord. Kandidaten får éin samla karakter i denne modulen, gradert frå A til F, der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter. Fordjupingsoppgåva tel 60 %, den munnlege eksamenen tel 40 % av sluttkarakteren i modulen.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Nina Holmberg Lurås <Nina.LurasSPAMFILTER@hit.no>,Line Sjøtun Helganger <line.s.helgangerSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Line Sjøtun Helganger - 22.12.2015