Grammatikk og pragmatikk 2111

Læringsmål

Studentane skal ha innsikt i norsk morfologi, syntaks og grammatisk analyse, og dei skal kjenne dei gjeldande skriftspråknormalane i nynorsk og bokmål. Dei skal vidare ha innsikt i språklege strukturar på tekstnivå for å kunne beskrive språket brukt i kommunikasjonssamanheng. Dessutan skal dei få noko kjennskap til norsk språksystem sett i kontrastivt perspektiv.

Innhold

Norsk språkstruktur (morfologi og syntaks) og språket brukt som kommunikasjonsmiddel.

Organisering

Haustsemesteret, 7 veketimar i 15 veker. Forelesing, seminar og gruppeøving.

Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjuping i norsk, og i årsstudiet i norsk. Emnet er obligatorisk for studentar som vil ha undervisningskompetanse i norsk i grunn- og vidaregåande skole.

Vurderingsformer

2 timars prøve i elementær språkkunnskap, som skal vere stått før kandidaten kan framstille seg til slutteksamen. Det blir også gitt mindre obligatoriske oppgåver, som skal vere godkjende før sluttprøva.
Individuell heimeoppgåve på ca. 4000 ord i pragmatikk og tekstanalyse, som tel 50 %.
5 timars sluttprøve, som tel 50 %.
Det krevst ståkarakter på både heimeoppgåva og sluttprøva. Begge skal skrivast på bokmål.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 03.03.2008