Filosofiske klassikere 3359
Læringsmål
Kurset gir ei innføring i sentrale filosofiske verk og forfattarskap i Vestens tenking frå oldtid og fram til i dag. Sentrale filosofiske idear blir studert og drøfta i lys av argumentasjonen i verka og samtidige tankestrømmingar. Kurset er meint å gi ei fordjuping i filosofisk idémateriale.
Innhold
Filosofiske verk og forfattarskap blir drøfta kronologisk. Hovudvekta vil bli lagt på verk som tar for seg grunnleggande filosofiske idear i hovudsakleg erkjenningsteori, metafysikk og etikk. Desse vil blir studert med vekt på indre argumentasjon og samtidige tankestrømmingar. Studentane skal arbeide ut ei individuell skriftleg semesteroppgåve med obligatorisk rettleiing. Emne for oppgåva skal avtalast med rettleiar.
Organisering
Undervisinga i kurset vil bestå av inntil tre undervisingstimar pr. veke, fordelt på forelesingar og seminar etter behov. Studentane skal utarbeide ei individuell skriftleg semesteroppgåve, med obligatorisk rettleiing. Emnet for oppgåva skal avtalast med rettleiar. Det kan bli aktuelt for studentane å legge fram materiale dei arbeider med på seminar. Pensum er på ca. 800 sider.
Vurderingsformer
Emnet blir avslutta med ein tretimars skriftleg eksamen (obligatorisk for emnet). For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studentane ha levert semesteroppgåva innan ein fastsett dato. Ved utrekning av endelege karakterar for kurset tel semesteroppgåva 40% og skriftleg eksamen 60%. Både oppgåve og slutteksamen må vere bestått for å gi bestått karakter i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 03.03.2008