Migrasjon og fleirkulturalitet 363

Læringsmål

Målsetjinga er å anvende fagperspektiva og det teoretiske stoffet frå innføringsemnet på eit avgrensa materiale. I kvart fordjupingsemne vil ein studere ein allmenn og aktuell tematikk tverrfagleg ut frå eit historisk perspektiv, eit estetisk (t.d. litterært) perspektiv og eit fortolkande samfunnsvitskapleg perspektiv. Den tverrfaglege tilnærminga blir fremja ved at faglærarar frå ulike fagtradisjonar formidlar felles stoff ut frå sine respektive fagtradisjonar.

Innhold

I dette emnet vil ein studere kulturell kontakt og påverknad, både generelt og i konkrete tilfelle. Til dømes kan ein bruke forholdet mellom dei nordiske landa og Nord-Amerika som konkretisering. Aktuelle delemne kan då vere:

  • Kulturkontakt og tverrkulturell kommunikasjon
  • Utvandringa frå Norden (særleg frå Norge) til USA fram til 1920-åra
  • Innvandrarens kulturelle re-etablering i USA som norsk-amerikanar
  • Kulturell påverknad frå USA i dei nordiske landa frå 1800-talet og fram til i
    dag
  • Innvandring til Noreg, det fleirkulturelle Noreg

Organisering

Undervisningsforma i eit fordjupingsemne er seminar, med 3-6 timar pr veke. Undervisninga går i vårsemesteret.

Vurderingsformer

Studentane skal levere eit skriftleg arbeid på grunnlag av pensum som tel 20 % av karakteren i emnet.

Sluttvurdering av fordjupingsemna skjer ved prøveforelesing på 40 - 45 minutt for det eine emnet, og ved munnleg eksamen for det andre emnet. Desse eksamensformene tel 80 % av samla karakter i fordjupningsemnet

Kandidatane bestemmer sjølve kva for eit fordjupingsemne dei vil prøveforelese i, men oppgåva blir oppgitt av instituttet. Kandidatane melder frå ved oppmeldinga til det einskilde emnet kva for evalueringsform dei ønskjer.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 04.03.2008