American Literature and Culture - A Historical Perspective 2003

Læringsmål

Målet med innføringskurset i amerikanske studiar er å gje studentane innsikt i hovudlinene i amerikansk litteratur, kultur og samfunn frå 1600-talet og fram til i dag.

Innhold

Kurset skal gje studentane innsikt i amerikanske verdinormer, institusjonar og historiske utviklingsliner, med hovudvekt på tekstar frå det siste hundreåret. Pensum består av litterære tekstar, film, kunst og ulike typer sakprosa. Dei skjønnlitterære tekstane er valt med tanke på å skulle representere sentrale forfattarskap og viktige tema, ved sida av at dei reflekterer samfunnstilhøva dei vaks ut frå. Pensumverka skal og gje grunnlag for elementær innsikt og øving i tekstkritikk, dvs. at studentane i rimeleg omfang skal kunne drøfte tekstane ut frå tekstvitskapeleg terminologi og metode. Gjennom møte med kunst- og kulturutrykk vil studentane utvikle ei språkkjensle som kjem til nytte i undervisning og anna formidlingsverksemd. Det vil bli lagt vekt på korleis tekstar kan formidlast og brukast i skoleverket. Kursa 2003 og 2004 utgjer til saman den amerikanske komponenten av årstudiet i engelsk.

Organisering

Forelesingane vil gje bakgrunn og oversyn over større emneområde, medan seminarundervisninga vil legge vekt på å aktivisere studentane i munnleg bruk av engelsk og å diskutere enkelttekstar frå pensum. Som del av undervegsevalueringa vil og studentane arbeide med skriftlege innleveringar og/eller munnlege framføringar.
Det er krav om minst 80 % frammøte på seminara.

Vurderingsformer

Undervegsvurderinga i emnet vil omfatte prøver og/eller innleveringar som tel til saman 40% av den endelege karakteren. Avsluttande skriftleg eksamen tel 60%. Både undervegs- og sluttprøve må være bestått for å få bestått karakter i emnet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 09.03.2009