Medium, journalistikk og samfunn – medievitskapleg innføringsemne 2734

Læringsmål

Del 1: Journalistikkens samfunnsrolle i eit mediesosiologisk og historisk perspektiv

Studentane skal kunne reflektere rundt ulike samfunnsmekanismar som er med på å forme medias makt og samfunnsrolle, og forstå korleis massemedia og samfunnet påverkar kvarandre gjensidig. Studentane skal kunne drøfte tema som handlar om tilhøvet mellom politisk og journalistisk kultur, strukturelle spørsmål knytt til medias makt og økonomi, og kva teknologiske endringar og globalisering vil seie. Studentane skal kunne drøfte sosiale, økonomiske og teknologiske føresetnader som har påverka – og påverkar – medias samfunnsrolle. Studentane skal tileigne seg historisk kunnskap som set ulike praksisar i det moderne mediesamfunnet i perspektiv.

Del 2. Journalistikk som sjanger og praksis

Studentane skal kjenne til ulike journalistiske sjangrar, stoffområde, nyheitsverdiar og anna som pregar den journalistiske praksisen. Dei skal særleg fordjupe seg i nyheitsjournalistikken. Studentane skal ha god kjennskap til nyheitskriteria, dramaturgiske og retoriske verkemiddel i medietekstar, kjeldebruk, representasjon og presseetikk. Studentane skal kjenne til dei viktigaste utviklingsdraga i den journalistiske praksisen, og skal kunne drøfte sosiale, økonomiske og teknologiske føresetnader som har lagt grunnlaget for profesjonaliseringa av journalistyrket.

Del 3: Analyse av journalistisk innhald

Studentane skal tileigne seg grunnleggande kunnskap om innhaldet i ulike medium, med særleg vekt på nyheitsjournalistiske oppslag. Dei skal øve seg i kritisk tekstforståing, og gjennomføre tekstnære analysar av medieinnhald ved hjelp av naudsynt analyseverktøy og medievitskaplege metodar. Kjennskap til ulike analysestrategiar og auka forståing for mediert kommunikasjon skal gje studentane innsikt i og forståing for meiningsproduksjon, journalistiske røyndomsbilete og medias påverknadsmakt.

Innhold

Innføringsemnet «Media, journalistikk og samfunn» tek for seg teoriar om kommunikasjon, medievitskaplege perspektiv om massemedium samt analysar og beskrivingar av nyheitsjournalistikk og den trykte pressa som institusjon, industri og praksis. Emnet er tverrfagleg, og kombinerer humanistisk teori og metode med samfunnsvitskaplege og historiske tilnærmingar til mediefeltet.

Så sant det praktisk lèt seg gjennomføre, vil det bli lagt opp til institusjonsvitjingar til profesjonelle medieaktørar i nærleiken av studiestaden.

Emnet tilbyr grunnleggande kunnskapar for vidare studiar i medievitskap og/eller journalistikk ved norske universitet og høgskolar. Emnet er også godkjent som del av bachelorstudiet i kultur – arrangering, formidling og forvaltning.

Emnet er delt inn i tre delområde:

Del 1: Journalistikkens samfunnsrolle i eit mediesosiologisk og historisk perspektiv

Massemedias samfunnsrolle blir drøfta, med særleg vekt på korleis politiske, kulturelle og strukturelle forhold over tid kan sjåast i høve til spørsmål om medias makt, marknadsorientering, globalisering, demokrati og dei sosiale dimensjonane ved medietekstane. I dette delområdet blir det særleg fokusert på korleis politiske interesser og eigedomskonsentrasjonar i multinasjonale medieselskap påverkar det journalistiske feltet. Kvar student skal levere inn ei individuell skriftleg utgreiing om innan delområdet på 2500-3000 ord.

Del 2. Journalistikk som sjanger og journalistisk praksis

I dette delområdet skal studentane få kjennskap til journalistiske og redaksjonelle praksisar, med hovudvekt på nyheitsjournalistikken. Journalistisk praksis vil bli drøfta med særleg vekt på korleis journalistiske sjangerforventningar og nyheitsverdiar viser seg i konkrete tekstar, og korleis dei er eit produkt av historiske føresetnader for profesjonalisering av journalistikken. Studentane vil få teoretisk kunnskap om journalistikken og nyheitsmedias praksisar, kodar og kulturar, og kunnskap om faktiske tilhøve gjennom empirisk observasjon og/eller intervju av representantar frå lokale medieverksemder. På bakgrunn av empiriske undersøkingar skal journalistiske og redaksjonelle praksisar bli drøfta opp mot økonomiske, etiske og dramaturgiske ideal. Innsamling av empiri, elting av materialet og teoretisk kontekstualisering gjennom gruppearbeid skal ende opp i ei individuell skriftleg utgreiing på 4000-6000 ord.

Del 3: Analyse av journalistisk innhald

Delområdet gjev ei innføring i grunnleggande tekstanalytiske tilnærmingar som semiotikk, retorikk, lingvistikk og kritisk diskursanalyse. Sentrale kommunikasjonsteoretiske omgrep og modellar vil også bli gjennomgådde. Det blir tydeleggjort kva problemstillingar humanistiske teoriar og analysestrategiar kan gje svar på. Studentane arbeider med enkle analysar av konkrete journalistiske tekstar og praksistilfelle. Kvar student skal levere inn ei semesteroppgåve i delområdet tilsvarande 2500-3000 ord.

PENSUM

Totalt sidetal: ca. 1430

Del 1: Journalistikkens samfunnsrolle i eit mediesosiologisk og historisk perspektiv (ca 560 sider):

Eide, Martin (red.) (2001), Eide, Martin, kap. 1: «Journalistisk makt. Et oppslag», s. 13-59 (46 sider), Raaum, Odd, kap. 2: «Maktens grunnlag», s. 59-86 (27 sider), Slaatta, Tore, kap. 3: «Journalistikkens makt i den globale tidsalder», s. 112-136 (24 sider) og Allern, Sigurd, kap. 10: «Kildene og mediemakten», s.273-304 (31 sider) i Til Dagsorden!, Oslo: Gyldendal Akademisk Forlag (128 sider)

Gripsrud, Jostein (2002): Mediekultur, Mediesamfunn, Del 1: «Publikum og mediene», s. 5-100, Universitetsforlaget (95 sider)

Merkelsen, Henrik (2007) «Tre perspektiver på mediemagt», kap 3 i Magt og medier; En introduktion, Frederiksberg; Forlaget Samfundslitteratur, side 53-67 (14 sider)

Schudson, Michael (2003, kap. 1-3 (s 11-63) i ) The sociology of news, W.W.Norton & Company (52 sider)

Tveiten, Oddgeir (2006), kap 1, (s 13-33), 2 (s 33-61), 4 (s 85-107), 5 (s 107-139) og 9 (s 217-239) i Nødvendige nyheter; En studie i journalistikkens globalisering, Kristiansand: IJ-forlaget (124 sider)

Aalberg, Toril, Eiri Elvestad (2005): Mediesosiologi, Samlaget, Oslo (147 sider)

[vurderer å erstatte deler av denne boken]

Del 2. Journalistikk som sjanger og praksis (ca 384 sider)

Allern, Sigurd (2001) «Kap 2; Pressens nyhetsverdier og markedsstrategier» i Nyhetsverdier. Om markedsorientering og journalistikk i ti norske aviser, side 59-85 Kristiansand: IJ-Forlaget. 25 sider

Gripsrud, Jostein (2003), del 3 «Produksjon og rammevilkår» s. 229-302 i Mediekultur, Mediesamfunn, Oslo: Universitetsforlaget (73 sider)

Høyer, Svennik og Epp Lauk (2003), «The paradoxes of the journalistic profession. An historical perspective» i Nordicom Review, Vol.24, no. 2 (s.3-17) (14 sider)

Kjendsli, Veslemøy (2008), kapittel 3 «Finn saken! Hva er nyheter?» i Rett på sak! Lærebok i praktisk journalistikk, side 41-53, Kristiansand: IJ-forlaget (13 sider)

Ottosen, Rune, Lars Arve Røssland, Helge Østbye (2002): Norsk Pressehistorie, s 119-227, Oslo: Det Norske Samlaget. (108 sider)

Roksvold, Thore (1996), «Riss av norske avisers sjangerhistorie» i Thore Roksvold (red.) Avissjsangre over tid, s.9-107, Fredrikstad: Institutt for journalistikk. (95 sider)

Schudson, Michael (2005), «The Emergence of the Objectivity Norm in American Journalism» s.19-37 i Svennik Høyer og Horst Pøttker (red.) Diffusion of the news paradigm 1850-2000, Gøteborg: Nordicom. (18 sider)

Stensaas, Harlan S. (2005), «The Rise of the News Paradigm» s. 37-51 i Svennik Høyer og Horst Pøttker (red.) Diffusion of the news paradigm 1850-2000, Gøteborg: Nordicom. (14 sider)

Østlyngen, Trine og Turid Øvrebø (1998): «Tradisjoner og idealer; Journalistens arbeid», kap. 2 og 10 i Journalistikk; Metode og fag, og kap 10 Formidling; Å skrive journalistisk (om sjangerkjennetegn) s 359-383 (24 sider)

Del 3 Tekstanalyse og kommunikasjonsteori (ca 487 sider)

Fairclough, Norman (1995), Kap. 4 «Critical analysis of media discourse», s. 53-75 i Media Discourse, London. (22 sider)

Gripsrud, Jostein (2002), Del 2: «Perspektiv på medienes tekster», s. 107-222 i Mediekultur, Mediesamfunn, Oslo: Universitetsforlaget. (115 sider)

Helland, Knut (1999), Kap.2 «Nyhetsinstitusjonens tekster», s.189-204 i Peter Larsen og Liv Hausken (red.), Medievitenskap. Bind 2: Medier, tekstteori og tekstanalyse, Bergen: Fagbokforlaget. (15 sider)

Hillesund, Terje (1994), Står det noe nytt? Innføring i analyse av aviser og nyheter, Fredrikstad: Institutt for journalistikk. (90 sider)

Hågvar, Yngve Benestad (2007) Å forstå avisa; Innføring i praktisk presseanalyse, Bergen: Fagbokforlaget, s. 11-221 (110 sider)

Larsen, Peter (1999): «Teoretiske og analytiske grunnbegreper», s.15-31 i Peter Larsen og Liv Hausken (red.) Medievitenskap. Bind 2: Medier, tekstteori og tekstanalyse, Bergen: Fagbokforlaget (16 sider)

Roksvold, Thore (1989): Retorikk for journalister, s. 11- 68, Oslo: Cappelen Akademisk Forlag (57 sider)

Ytreberg, Espen (2006): Medie- og Kommunikasjonsteori, Oslo: Universitetsforlaget, s. 7-69 (62 sider)

Organisering

Undervisninga vil bli gjeven i form av førelesingar og seminar, totalt ca 100 organiserte læringstimar. I tillegg kjem individuell rettleiing.

Studentane vil i ein periode arbeide sjølvstendig i grupper med felles gruppeprosjekt.

Vurderingsformer

Individuelle innleveringar i delområda 1 og 3 tel kvar sine 20 % av sluttkarakteren.

Gruppeprosjekt i delområde 2 må vere vurdert av faglærer til karakteren ”greidd” for at studentane skal få avlegge endeleg eksamen i emnet. Tema for prosjekta skal førehandsgodkjennast av faglærar.

Avsluttande skoleeksamen tel 60 % av sluttkarakteren, og femner om alle tre delområda.

Innleveringane og slutteksamenen blir vurderte med graderte karakterar frå A til F, der E er lågaste ståkarakter.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 14.08.2008