Fleirkulturell forståing 2735
Læringsmål
Målet med studiet er at kandidaten skal tileigne seg kunnskap om kva kulturskilnader har å seie for menneskeleg samhandling. Studiet skal føre til styrkt refleksjon kring eigne oppfatningar og handlingar i høve til kulturmøte i ulike samanhengar. Kandidaten skal kunne opne seg i høve til andres røyndom, dvs. kunne arbeide med ei forståing der til dømes norske veremåtar og kulturelle kodar berre er å forstå som nokre av fleire moglege, men likeverdige kodar. Vidare skal emnet føre til læring av og refleksjon kring omgrep som blir nytta til å definere og analysere fleirkulturelle situasjonar. Kunnskap om og refleksjon rundt eige kulturelt handlingsmønster er eit nødvendig grunnlag for læringa.
Innhold
Fleirkulturell forståing er tverrfagleg fundert i kunnskap frå samfunnsvitskap og humaniora, inkludert kommunikasjonsteoretisk innsikt. Emnet er ei innføring i studiet av det globale mangfaldet og dei sosiale prosessane som utviklar seg i dette mangfaldet. I studieemnet prøvar me å syne korleis organisering av sosialt liv heng saman med måtane folk forstår seg sjølve, kvarandre og omgjevnadene sine på. Emnet fokuserer på forståing av folks handlingspremiss, kategoriseringar og samspel med omgjevnadene. Det blir lagt opp til aktiv deltaking i form av diskusjon og dialog, der diskusjonstema særleg blir henta frå samtida og mediekvardagen.
Du vil gjennom studiet tileigne deg kunnskap om og forståing av:
- omgrep som blir bruka til å definere og analysere fleir- og mellomkulturelle situasjonar
- variasjonar i kulturelle uttrykksformer
- kommunikasjon, eigne verdiar, haldningar og handlingsmønster
- globalisering
Organisering
Studieemnet vil bli avvikla over eitt semester delt inn i 4 bolkar:
- Innføring. Denne fyrste bolken vil gje ein introduksjon ved at grunnleggande vitskaplege omgrep frå dei vitskapsfelta som ligg til grunn for dette tverrfaglege emnet blir gjennomgådde. Gjennom empiriske døme frå forsking vil studenten få innblikk i aktuelle vitskaplege teoriar og diskursar.
- Samfunn og globalisering. Det samfunnet me lever i er under stadig endring. Denne bolken tar for seg somme av dei spørsmåla ei auka globalisering kan føre med seg. Gjennom forelesingar og diskusjonsgrupper vil studentane få innsikt i ulike politiske, økonomiske, kulturelle og økologiske sider ved globaliseringa.
- Regionalkunnskap og fleirkulturalitet. Her vil hovuddrag frå kultur og samfunn i den aktuelle regionen der undervisninga blir gjeven bli presenterte gjennom pensumlitteratur, ev. også gjennom ekskursjonar, arrangerte kulturmøte, vising av etnografisk film og drøfting av debattar i media. Kunnskap om fleirkulturelle problemstillingar, forankra i lokal kontekst, er heilt grunnleggande for studentens opparbeiding av personleg og akademisk fleir- og mellomkulturell forståing.
- Kommunikasjon og kulturelt mangfald. Denne bolken tar føre seg interkulturell kommunikasjon og samhandling på eit meir instrumentelt plan, med grunnlag i både verbal og ikkje-verbal kommunikasjon
I alle bolkane vil arbeidsformene vere forelesingar og gruppearbeid. Studentane skal som del av læringa levere eit individuelt, skriftleg arbeid til vurdering, basert på eiga erfaring og eigen samhandlingsrefleksjon i samband med eitt eller fleire kulturmøte. Samhandlingsrefleksjonen kan byggje på tidlegare erfaringar eller erfaringar frå kulturmøte på studiestaden. Studentens val av tema skal godkjennast av faglærar.
Vurderingsformer
Individuell, skriftleg undervegseksamen som tel 30 % (skuleeksamen på 3 timar som skal teste pensumlesinga så langt og forståinga av sentrale omgrep i emnet). I tillegg individuell, skriftleg slutteksamen i samhandlingsrefleksjon med 2 vekers skrivetid og omfang på mellom 2500 og 3000 ord. Slutteksamenen tel 70 % av samla karakter. Det blir nytta graderte karakterar i vurderinga av begge eksamenane. Både undervegseksamenen og slutteksamenen må vere greidd for å få greidd-karakter i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 02.02.2009