Introduction to British Studies 2001

Læringsmål

Emnet vil gje ei brei innføring i britisk kulturhistorie, litteratur og samfunnstilhøve, med hovudvekt på tida etter 1950.

Innhold

Emnet vil innehalde to hovuddelar. Fyrste del vil gje ei brei innføring i britisk litteratur- og kulturhistorie fram til 2. verdskrigen, saman med ei generell innføring i praktisk litteraturkritikk. Andre delen vil konsentrere seg om perioden etter 2. verdskrigen. Her vil ein studere representative verk innan skjønnlitteratur og sakprosa. Desse tener til å illustrere tema og problemstillingar og til å øve studentane opp i litterær analyse og tekstkritikk. I tillegg vil ein ta opp sentrale emne innan britisk kulturkunnskap og Storbritannia si endra rolle i verda etter krigen. Likeeins vert det lagt vekt på vidareformidling og bruk i undervisning av dei tema som emnet omfattar.

Organisering

Forelesingar og seminar 4 timer i veka.

Forelesingane vil gje bakgrunn og oversyn over større emneområde, medan seminarundervisninga vil legge vekt på å aktivisere studentane i munnleg bruk av engelsk og å diskutere enkelttekstar frå pensum. Det er krav om minst 80 % frammøte på seminara.

Vurderingsformer

Undervegsvurderinga i emnet vil omfatte prøver og/eller innleveringar som tel til saman 40% av den endelege karakteren. Avsluttande munnleg eller skriftleg eksamen tel 60%. Både undervegs- og sluttprøver må vere bestått for å få bestått karakter i emnet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 26.05.2009