IKT - vevpublisering 3320

Læringsmål

Hovudmålet er å gjere humaniora- og kulturstudentar i stand til å publisere på verdsveven. Gjennom teoretisk pensum og praktiske øvingar skal studentane få kjennskap til korleis Internett er bygd opp, korleis det fungerar og kva det kan nyttast til. Emnet vil også gje ei elementær innføring i korleis digitaliseringa verker inn på kultur og samfunn.

Innhold

Internettet sin oppbygging og virkemåte. HTML-standarden og andre standardar som er relevante for veven. Utvikling av statiske vevdokument med stilreglar. Innføring i kva som er god utforming av vevsider. Praktiske øvingar i utvikling og publisering av vevsider ved hjelp av enkelt tekstbehandlingsprogram.

Organisering

7 leksjonar, kvar på tre timar i pc-lab samt 3 gangar 3 timar øving på pc-lab

Vurderingsformer

Individuell innleveringsoppgåve som tel 40 % av karakteren i emnet, 4 timars avsluttande skoleeksamen som tel 60%.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bente Støa <Bente.StoaSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 05.08.2009