Kuratorarbeid 3324

Læringsmål

Studietilbodet har fleire målsetjingar. Det tek sikte på å gi studentane ei heilskapleg forståing
for det rom og dei vilkår kunstfeltet har i samfunnet, og gjere studentane betre i stand til å
evaluere, planlegge og arrangere kunstutstillingar og formidlinga av dei. Studia rettar seg mot
personer som er tilknytta ein kunstinstitusjon som regelmessig arrangerar til kunstutstillinger,
anten dei er tilsett, engasjert, tillitsvald, praktikant eller har anna fast eller førebels tilknytting.
Studiet vil også vere egna for studenter som ønskjer eit praktisk-teoretisk innslag i, eller
supplement til, ein bachelorutdanning i kunsthistorie, kulturfag, pedagogikk, eller til ei
kunstutdanning.

Organisering

Studia er lagt opp slik at det skal vere mogleg å kombinere studiet med fulltidsarbeid. Studia er basert på ein kombinasjon av undervisning, veiledning, sjølvstudium og løysing av oppgåver. Kjernen i undervisninga er to vekesamlingar pr. semester med to introduksjonsdagar i det første semester. Det nettbaserte undervisningssystemet fronter vil vere eit vesentleg hjelpemiddel i undervisninga, og utanom samlingane vil det vere kontakten mellom kursleiing, førelesarar og deltakarar. Det er derfor ein førestnad at studentane har tilgang til Internett og e-post.
Dei to samlingane i haustsemesteret vil vere kopla til heiltidsstudiet 209 Kunstformidling. Nokre dagsreiser til kunstinstitusjonar i Telemark, som studentene må dekke/ordne transport og kostnadar til. Siste samling i andre semester vil være knytta til planlegging og gjennomføring av utstillingsprosjekt i Bø.

Vurderingsformer

Skriftlig gruppeoppgåve i haustsemesteret som tel 20%, og skriftlig individuell oppgåve i vårsemesteret som tel 40%. Skriftlig 5 timars avsluttande eksamen i pensumrelatert teori i vårsemesteret som tel 40%. Ein nyttar bokstavkarakterar, der A til E er bestått, og F er ikkje bestått. Alle oppgåvene må vere bestått for å få bestått karakter i emnet. Det er krav om 80% deltaking på samlingane. Ved meir enn 20% fråver vert det halde ei munnleg prøve i pensum. I tillegg må gruppeoppgåve, individuell heimeoppgåve vere bestått for å kunne gå opp til skriftlig avsluttande eksamen.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 06.11.2010