Norsk 2 - Språk og litteratur i eit historisk perspektiv NOR 503

Læringsmål

Etter modul 3 ”Språk og litteratur i eit historisk perspektiv” skal studenten

- ha utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine, både elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk

- ha god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk på historisk og dialektologisk grunnlag

- ha inngåande kunnskap om norsk språkhistorie etter 1800 og om gjeldande normering av bokmål og nynorsk

- ha kjennskap til språk som ungdom brukar og kan samanlikne tekstar skrivne for ungdom og vaksne med omsyn på innhald, form og funksjon

- ha god litteraturhistorisk oversikt

- kunne bruke kunnskap om talemål og skriftspråksnormering i skriveopplæringa

- kunne leggje til rette for og gjennomføre undervisning i den målforma som er sidemål for elevane

- kunne setje sentrale norske tekstar og eit utval samiske tekstar (i omsetjing) inn i ein historisk samanheng og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur

Innhold

Norsk 2 handlar om språk og tekst i fortid og samtid.

I modul 3 er det historiske perspektivet sentralt, både når det gjeld språklege og litterære

emne. Dei språklege emna er knytte til både notid og fortid, t d språkhistorie, ungdomsspråk

og sidemålsdidaktikk. Studenten skal også lesa både eldre og nyare skjønnlitteratur, essay og

saksprosa, av og til med eit komparativt blikk på nordisk og internasjonal litteratur.

Organisering

I grunnskolelærarutdanning for 5- 10 er norskfaget 60 studiepoeng. Desse er fordelte med 45 studiepoeng første studieår og 15 studiepoeng andre studieår. Norskfaget er delt inn i 4 modular med 15 studiepoeng i kvar av modulane. Innhaldet i dei 4 modulane byggjer på kvarandre.

Modul 3 ”Språk og litteratur i eit historisk perspektiv” er på 15 stp. Denne modulen er lagt til siste del av vårsemesteret første studieår

Arbeidet i studiet vil bli organisert på mange måtar: fellesforelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, skrivegrupper, kortare kurs, bruk av Fronter og individuell rettleiing, bl.a. i form av læringssamtalar. Læringssamtalen (bl.a. mellom faglærar, øvingslærar og student) skal vere ein hjelp til å bli bevisst kva du har lært, og kva du må lære for å bli ein god norsklærar. Det dreier seg om å reflektere over eigen progresjon i forhold til dei fastsette måla for faget.

Semesterplanen, som du får utdelt i byrjinga av kvart semester, er eit bindande dokument. Her blir innhaldet og den praktiske gjennomføringa av semesteret presisert.

Nokre av forelesingane vil krevje obligatorisk frammøte. Kva for tema dette gjeld, vil bli presentert ved studiestart og presisert i semesterplanane.

Det er viktig å skrive mykje i eit fagstudium. Tekstane du skriv, i ulike sjangrar, skal du samle i ei arbeidsmappe. Arbeidsmappa skal romme alt du skriv i løpet av semesteret: smått, stort, uferdig og meir gjennomtenkte tekstar. Nokre av desse tekstane vil du få tilbakemelding på av faglærar medan andre blir det forventa at du sjølv, saman med medstudentar, gir tilbakemelding på. Målet med mappearbeid er at du alltid kan arbeide vidare med tekstane over tid. Faglærar skal ikkje rettleie mappearbeida fram til ”ferdig tekst”, men dei må vere av ein slik kvalitet at faglærar kan godkjenne arbeidsmappa som dokumentasjon på arbeidskrav. Arbeidsmappa må vere godkjend før du kan gå opp til eksamen.

I løpet av studiet vil du også få norskfaglege oppgåver knytt til praksis, og du skal delta i arbeid på tvers av fag.

Vurderingsformer

Du vil møte to former for vurdering i norskstudiet – undervegsvurdering og sluttvurdering. Undervegsvurderinga er den fortløpande vurderinga du vil få, i form av tilbakemeldingar på munnleg og skriftleg arbeid. Sluttvurdering vil du få etter kvar av modulane.

Sluttvurdering etter modul 3 er ei presentasjonsmappe vurdert til bestått/ikkje bestått. Mappa skal ha om lag like mange tekstar på nynorsk og bokmål.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Kirsten Palm <Kirsten.PalmSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Nina Holmberg Lurås - 04.03.2010