Litteratur etter 1900 (samlings- og nettbasert) 2118
Læringsmål
Studentane skal få innsikt i sentrale sider ved norsk litteratur og norsk litteraturhistorie frå ca. 1900 til i dag. Pensum består av verk og kortare tekstar frå perioden, og av litteraturhistorie og litteraturteori og metode. Dei skal ha eit emnestudium innanfor den nyaste litteraturen.
Innhold
Norsk litteratur etter 1900.
Organisering
Vårsemesteret. To helgesamlingar (à to dagar), nettforelesingar (lyd) og nettmøte i grupper (lyd). Det vil bli gitt oppgåvar på fronter som studentane skal legge fram. Dessutan blir det jamleg lagt ut undervisningsstoff på fronter. To timar til ei fast tid kvar veke vil lærarane vere disponible i eit samtalerom på fronter.
Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjupning i norsk, og i årsstudiet i norsk. Emnet er obligatorisk for studentar som vil ha undervisningskompetanse i norsk i grunn- og vidaregåande skole.
Vurderingsformer
Vurderingsformene er individuelle heimeoppgåver og skriftlig individuell prøve (sluttprøve). Kvar student leverer 3 skriftlege oppgåver à 2000-3000 ord. Dei to beste tel til saman 40%. 5 timars sluttprøve som tel 60%. Det krevst ståkarakter på både dei teljande heimeoppgåvene til saman og på sluttprøva. Alt skal skrivast på bokmål.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Kristin Midtbø <Kristin.MidtboSPAMFILTER@hit.no> - 22.11.2010