Norsk 15FPNO
Læringsutbytte
Etter arbeid med faget skal studenten
ha kunnskap om
-ulike barnelitterære sjangrar.
- barns munnlege og skriftlege utvikling.
- fleirspråkleg utvikling.
- språkbruk i leik og leik med språk.
- barnehagen som kulturformidlar.
ha ferdigheit i
- å kunne fortelje eventyr for barn.
- å kunne samtale med barn.
- å kunne leike med språk i samspill med barn.
- å arbeide didaktisk med litteratur.
- å kunne stimulere barns språkutvikling.
ha generell kompetanse i
- å reflektere kritisk over bruk av språkkartleggingsverktøy.
- å vere ein god samtalepartnar med barn.
- kva som motivererer barn til språkleg aktivitet.
- å skape eit mangfaldig språkmiljø.
- å reflektere over barnehagen som formidlar av kultur, verdiar og haldningar.
Innhold
I norskstudiet er innhaldet samla under tre hovudoverskrifter: Tekststudium, teoristudium og praktisk språkbruk.
Tekststudium
- Eldre og nyare barnelitteratur.
- Biletbøker.
- Eit utval sakprosatekstar for barn.
Teoristudium
-talemålsutvikling i førskulealder.
-skriftspråksstimulering og førebuande lese- og skriveopplæring.
-litteraturteori, spesielt retta mot barnelitteratur.
- norsk som andrespråk.
- forteljing og formidling.
Praktisk språkbruk
-god skriftleg og munnleg bruk av språket i kommunikasjon innanfor og utanfor barnehage.
-praktisk bruk av begge dei offisielle norske språkformene i skriftleg kommunikasjon.
Arbeids- og læringsformer
- Individuelle oppgåver, både munnlege og skriftlege
- Førelesingar
- Seminararabeid og kollokviegrupper
- Sjølvstudium
- Tverrfagleg arbeid og prosjektarbeid inngår i studiet
All undervisning er obligatorisk.
Vurderingsformer
Du vil møte vurdering både undervegs og til slutt i studiet. Undervegsvurderinga gjeld både munnleg framføring og ulike skriftlege arbeid. Dette er portar som må vere godkjent for å kunne gå opp til eksamen.
Sluttvurdering
Sluttvurderinga i 2. semester omfattar ei individuell, skriftleg heimeeksamen som skal omfatte dei sentrale kunnskapsmåla i faget.
Karakterane er graderte frå A til F, der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter.
Sjå elles føreskrifter om eksamen ved Høgskolen i Telemark.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Elisabeth Hovde Johannesen <Elisabeth.H.JohannesenSPAMFILTER@hit.no>,Åse Lund <ase.lundSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Jorunn Halvorsen - 24.05.2012