Fleirkulturell forståing - ei innføring 2735
Innhold
Fleirkulturell forståing er tverrfagleg fundert i kunnskap frå samfunnsvitskap og humaniora, inkludert kommunikasjonsteoretisk innsikt. Emnet er ei innføring i studiet av det globale mangfaldet og dei sosiale prosessane som utviklar seg i dette mangfaldet. I studieemnet prøvar me å syne korleis organisering av sosialt liv heng saman med måtane folk forstår seg sjølve, kvarandre og omgjevnadene sine på. Emnet fokuserer på forståing av folks handlingspremiss, kategoriseringar og samspel med omgjevnadene. Det blir lagt opp til aktiv deltaking i form av diskusjon og dialog, der diskusjonstema særleg blir henta frå samtida og mediekvardagen.
Du vil gjennom studiet tileigne deg kunnskap om og forståing av:
- omgrep som blir bruka til å definere og analysere fleirkultur
- variasjonar i kulturelle uttrykksformer
- eigne verdiar, haldningar og handlingsmønster
- migrasjon og globalisering
Arbeids- og læringsformer
Studieemnet vil bli avvikla over eitt semester delt inn i tre hovudtema:
Fyrste delen vil gje ein introduksjon ved at grunnleggande vitskaplege omgrep frå dei vitskapsfelta som ligg til grunn for dette tverrfaglege emnet blir gjennomgådde.
Samfunn og globalisering. Det samfunnet me lever i er under stadig endring. Denne delen tar for seg somme av dei spørsmåla ei auka globalisering kan føre med seg. Gjennom forelesingar og diskusjonsgrupper vil studentane få innsikt i ulike politiske, økonomiske og kulturelle sider ved migrasjon og globaliseringa.
Regionalkunnskap og fleirkulturalitet. Her vil hovuddrag frå kultur og samfunn i den aktuelle regionen der undervisninga blir gjeven bli presenterte gjennom pensumlitteratur, ev. også gjennom ekskursjonar, vising av etnografisk film og drøfting av debattar i media. Kunnskap om fleirkulturelle problemstillingar, forankra i lokal kontekst, er heilt grunnleggande for studentens opparbeiding av personleg og akademisk fleirkulturell forståing.
Gjennom heile emnet vil arbeidsformene vere forelesingar og gruppearbeid.
Vurderingsformer
Individuell, skriftleg undervegseksamen som tel 30 % (skuleeksamen på 3 timar som skal teste pensumlesinga så langt og forståinga av sentrale omgrep i emnet). I tillegg individuell, skriftleg slutteksamen med 2 vekers skrivetid og omfang på mellom 2500 og 3000 ord. Slutteksamenen tel 70 % av samla karakter. Det blir nytta graderte karakterar i vurderinga av begge eksamenane. Både undervegseksamenen og slutteksamenen må vere greidd for å få greidd-karakter i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Eline Flesjø <eline.flesjoSPAMFILTER@hit.no> - 10.02.2012