Fransk II 2708
Læringsutbytte
Studenten skal etter gjennomført emne kunne lese, samtale og skrive reflektert og språkleg korrekt om både praktiske og teoretiske tema frå fransk daglegliv, samfunnsdebatt, historie og kultur.
Innhold
Emnet er eit intensivt kurs for studentar med basiskunnskapar i fransk. Emnegjennomgangen legg hovudvekt på ei intensiv øving og ein rask progresjon i den praktiske meistringa av fransk språk, med sikte på utviding av ordtilfanget og auka kunnskap om fransk daglegliv, samfunnsdebatt, historie og kultur.
Arbeids- og læringsformer
Førelesingar og seminar med ca. 100 timar fordelt på 12 veker. Evalueringar av nivå og progresjon i emnet vil bli gjort med jamne mellomrom. Studentane må rekne med stor eigeninnsats og aktiv deltaking i undervisninga. Det vil bli lagt opp til oppgåver der studentane skal bruke lokalmiljøet som ein del av læringsprosessen.
Vurderingsformer
Eksamen er todelt:
1) Ei munnleg prøve på opp til 40 minuttar, med ei samtale på fransk om tema som er gjennomgått i læringsprosessen, inkludert høgtlesing frå og samtale om ein tekst som er gjennomgått i undervisninga.
2) Ei skriftleg prøve på tre timar der studentane blir prøvde i tekstforståing og evna til å reflektere på korrekt fransk rundt tema som er gjennomgått i læringsprosessen.
Den munnlege og skriftlege delen av eksamen tel kvar 50 % av endeleg resultat. Det krevst greidd resultat i begge eksamenane for å oppnå greidd resultat i heile innføringskurset. Det blir gitt graderte karakterar frå A til F. E er lågaste ståkarakter.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Kristin Midtbø <Kristin.MidtboSPAMFILTER@hit.no> - 27.06.2012