Introduction to English Language 2005
Læringsutbytte
Ved avslutta emne skal studenten ha kjennskap til grunnleggjande terminologi innan grammatikk og fonetikk, og kunne nytte terminologien på faktiske språklege døme. Den teoretiske kunnskapen skal kunne nyttast slik at studenten sin eigen engelsk vert korrekt og idiomatisk både munnleg og skriftleg. Ein skal vidare kjenne til dei vanlegaste uttalevanskane og grammatiske feila hjå norske elevar, i tillegg til hovudforskjellane mellom engelsk og norsk grammatikk.
Innhold
Emnet vil gje ein brei oversikt over lydsystemet i det engelske språket og gje en generell innføring i det grammatiske formverket og korleis språket er bygd opp.
Arbeids- og læringsformer
Emnet har fire undervisningstimar i veka, fordelt på førelesinger og seminar. Dei enkelte emneområda vert gjennomgått og forklart på førelesingane. I seminarundervisninga får studentane høve til å arbeide med enkelttema gjennom oppgåveløysing og diskusjon.
Vurderingsformer
Undervegsvurderinga i emnet vil omfatte prøver og/eller innleveringar som tel til saman 40% av den endelege karakteren. Avsluttande munnleg eller skriftleg eksamen tel 60%. Både undervegs- og sluttprøver må vere beståtte for å få bestått karakter i emnet. Det vert gjeve karakterar på ein skala frå A til F, der E er dårlegaste beståttkarakter og F er stryk.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Øystein I. Heggelund <oystein.heggelundSPAMFILTER@hit.no>,Eline Flesjø <eline.flesjoSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 10.10.2012