Kulturhistorie 3311

Læringsutbytte

Kunnskap og forståing:

  • • Oversikt over hovudtrekka i norsk kulturhistorie i tidsromet ca. 1800-1950.
  • • Kunnskap om sentrale kulturhistoriske hendingar i perioden, og bakgrunnen for dei.
  • • Forståing av kulturelle endringar og kulturelle prosessar i historisk perspektiv og årsakene til desse.
  • • Forståing for relasjonen mellom kulturelle tilhøve og andre samfunnstilhøve.
  • • Kunnskap om kulturhistoriefaget sine kjelder, kjeldegrunnlag og metodiske tilnærming.

Dugleik:

  • • Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument i samsvar med kulturhistoriefaget sine allmenne regler for kritikk.
  • • Evne til å kommunisere munnleg om faget ved hjelp av aksepterte terminologiar og teknikkar i faget.
  • • Evne til å formulere kulturhistoriefagleg fruktbare problemstillingar.
  • • Evne til kritisk å analysere kulturhistoriske data, kjelder og litteratur, og til å dra sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
  • • Evne til å organisere kompleks kulturhistorisk informasjon på logisk konsekvent måte.

Kompetanse:

  • • Formidle kulturhistorisk fagleg stoff både munnleg og skriftleg.
  • • Kunne arbeide sjølvstendig med ei oppgjeven eller eigenformulert problemstilling.
  • • Ha evne til å sette seg inn i nye problemområde og analysere kulturhistoriske emne frå fleire sider.
  • • Kunne utveksle synspunkt på kulturhistoriske emne og grunngje faglege standpunkt.
  • • Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige kulturelle hendingar og prosessar.

Innhold

Kurset gir ei innføring i norsk kulturhistorie i tidsromet ca. 1800-1950, og omfatter følgjande hovudtema:

  • • Innføring i materiell og immateriell kulturarv
  • • Hovudtrekk i økonomiske og sosiale endringar
  • • Sentrale trekk ved samværs- og samarbeidsformer i bygd og by
  • • Idéar og førestellingar
  • • Delkulturar i det norske samfunnet
  • • Nasjonsbyggingsprosessen

Arbeids- og læringsformer

Undervisninga vil hovudsakeleg bli gitt form av forelesingar, men seminar/kollokvier kan også bli nytta. I undervisninga vil tyngdepunkta i emnet bli gjennomgått og forklart med sikte på, i kombinasjon med studentane si sjølvstendige lesing av pensum, å oppnå læringsutbyttet omtalt ovanfor. Totalt undervisningsomfang pr. veke vil normalt vere 3 timar. Undervisninga er ikkje obligatorisk, men studentane blir rådd til at undervisninga blir følgt regelmessig. I tillegg vil det kunne bli arrangert fagturar til kulturhistoriske institusjonar.

Vurderingsformer

Obligatorisk individuell heimeoppgåve som tel 40% av samla karakter. Skriftleg individuell 5-timars eksamen som tel 60%. Både heimeoppgåva (40%) og slutteksamen (60%) må vere stått for å stå i emnet. Både heimeoppgåva og skoleeksamen skal teste studentane sine kunnskapar og forståing av kulturhistoriske emne, og deira analytiske og kritiske refleksjon og til skriftleg formidling. Det blir gitt graderte karakterar A-E og F for ikkje stått.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Herleik Baklid <Herleik.BaklidSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 10.02.2012