Kulturvern 208

Læringsutbytte

  • Kunnskap om framveksten av kulturvern, med vekt på norske tilhøve.
  • Kunnskap om organisering og arbeidsdeling innan kulturvernet.
  • Evne til å vurdere kulturuttrykk frå ein kulturvernars synsvinkel.
  • Forståing for den samfunnsrolla kulturvernet kan ha.
  • Generell kjennskap til formidlingsformer innan ulike delar av kulturvernet.
  • Auka medvit om verdien av immateriell kulturarv.

Innhold

Forholdet mellom immaterielt og materielt kulturvern
Museum, arkiv og kulturminnevern
Det friviljuge kulturvernarbeidet
Formidling på kulturvernfeltet
Lovverk og forvaltning
Kulturvernet si rolle på ulike nivå i samfunnet
Historisk framvekst og utvikling
Offentlege styringsdokument og rammer for kulturvernfeltet

Arbeids- og læringsformer

Forelesingar og seminar, fagturar, framlegging av skriftleg arbeid og munnlege øvingar.

Det er krav om 80% deltaking på timeplanlagde seminar/prosjekt. Ved meir enn 20% fråver må studenten skrive ein rapport. Obligatorisk deltaking på alle felles fagturar for heile årskullet. Ved manglande deltaking må studenten skrive ein rapport som tek føre seg det aktuelle emnet. Det er ikkje eit krav at studentane skal vere til stades ved all undervisning. Ein rår likevel til at undervisninga blir følgd regelfast.

Vurderingsformer

Obligatorisk, skriftleg undervegsprøve som tel 40 % av samla karakter. I tillegg ei skriftleg, individuell 5-timars sluttprøve som tel 60 %. Graderte karakterar frå A til F. Studenten må ha ståkarakter på begge prøvene for å få karakter i emnet.

Prøvene er valde for å måle kunnskap og generell kompetanse. Undervegsprøva, som er ein heimeeksamen, også for å evaluere evna til sjølvstendig å kunne tolke og vurdere eit kulturelt fenomen som har blitt observert.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter   < >,Hallgrim Høydal <hallgrim.hoydalSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Hallgrim Høydal - 10.11.2011