Frå demokratiets fødsel til Bastillens fall. Verdshistoria før ca 1800 3501
Læringsutbytte
Emnet skal gje dette læringsutbyttet:
Kunnskap og forståing:
• Godt oversyn over hovudtrekka i verdshistoria før ca. 1800.
• Brei kunnskap om viktige historiske hendinger i perioden, og bakgrunnen for dei.
• Forståing av metoder som vert nytta innanfor ulike felt av historiefaget.
• Forståing av korleis historisk kunnskap vert oppbygd.
Dugleik ein skal oppnå:
• Å kunne kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument etter historiefagets allmenne reglar for kritikk.
• Å kunne analysere historiske data, kjelder og litteratur, og å kunne trekkje selvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
• Å kunne organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent vis.
• Å meistra verktøy for informasjon og søking.
Kompetanse:
• Formidle fagleg innhald både munleg og skriftleg.
• Kunne arbeide sjølvstendig med ein gjeven problemstilling.
• Kunne sette seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
• Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale og kulturelle opphav.
• Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar
Innhold
Tyngdepunkt i emnet er
– Samfunn og politikk i Hellas i antikken
– Den politiske utviklinga (republikk og keisardøme) i Roma
– Det romerske verdsriket
– Europa tek form, kristning, styreformer og nasjonar
– Samfunn, økonomi og kultur i mellomalderen
– Framveksten av sterke statsmakter og ein sterk, pavestyrt kyrkje
– Krisa i seinmellomalderen
– Den vestlege, kristne kyrkja vert splitta
– Krig og maktkamp i tidleg nytid
– Verdsmarknad og kulturmøte
– Fornyinga av kunstens, vitskap og politisk tenking
– Kampen for fridom i Vest-Europa og sigeren for dei autoritære kreftane i aust
Emnet er basert på forsking i og med at dei som undervis normalt er aktive forskarar. Kjeldemateriale frå læraren si forsking kan verta nytta som eksempel i forelesinger eller i øvingsoppgåver.
Emnet er ein del av årsstudiet i historie (se eigen plan for dette). Det er meininga at ein tek det saman med emna 3502 og 3503, kvart på 10 studiepoeng. Desse tre emna lyt komme først i årsstudiet, men det er også mogleg å byrje årsstudiet om våren, med 30 studiepoeng i norsk historie (emna 3504, 3505 og 3506).
Arbeids- og læringsformer
Undervisinga vert vesentlig gjeven i form av forelesinger, men ein kan også nytte seminarform. Studentane vil da til dømes arbeide med oppgåver i timen eller framlegge oppgåver som er gjort heime. I forelesingene vert tyngdepunkta i emnet gjennomgått og forklart med sikte på, i kombinasjon med studentane si sjølvstendige lesing av pensum, å oppnå det læringsutbyttet som er nemnt ovanfor. Totalt omfang på undervisinga pr. uke vil normalt ligge på ca. fire timer. Undervisinga er ikke obligatorisk. Faggruppen tilrår likevel at undervisinga vert følgt regelmessig.
Attmed undervisinga vil studentane ha stor nytte av å samtale om pensum og studieproblem i kollokvie, og lærestaden vil leggje til rette for at slike grupper vert organisert.
Vurderingsformer
Vurderinga består av ein skriftlig obligatorisk oppgåve undervegs i kurset og ein skriftleg sluttprøve på 4 timar. Skriftlege eksamenar, der drøftande essay-oppgåver normalt vil vere ein viktig del, er valt for å prøve både studentanes kunnskapar om og forståing av den historiske utviklinga, og deira evne til analytisk og kritisk tenking, jf. punkta om læringsutbytte over.
Den obligatoriske oppgåva får karakteren Bestått eller Ikkje bestått. Sluttprøva får karakter etter ein bokstavskala på fem trinn fra A til E for bestått og F for ikke bestått. Ved bestått obligatorisk oppgåve er det karakteren på sluttprøva som verdt gjeldande karakter i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Nils Ivar Agøy <nils.i.agoySPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 02.07.2012