Praktisk spansk I 2303
Innhold
Kurset krev aktiv deltaking frå alle studentane, både i debattar i timane, individuelt og i gruppearbeid. Gjennom aktuelle tema og med bruk av multimedia skal studentane oppnå dei nødvendige ferdigheiter i språket. Studenten skal vere i stand til å delta i enkle diskusjonar om enkle emne. Oversetting av tekster og oppgåver om morfologi og syntaks vil bli brukt for å forsterke læringskvalitet.
Arbeids- og læringsformer
Førelesingar i språk, med tilknytte øvingar i grammatikk og norsk-spansk og spansk-norsk omsetjing. Studentane må rekne med stor eigeninnsats og aktiv deltaking i undervisninga. Vurderingar av nivå og progresjon vil bli gjort med jamne mellomrom. Undervisninga går føre seg på spansk.
Vurderingsformer
Eksamenen er todelt: Ei skriftleg prøve på 4 timar som tel 50 % av samla karakter. Ei munnleg prøve på inntil 30 minuttar som tel 50 % av samla karakter. Prøva er for det første ei samtale på spansk om emne som er gjennomgått i kurset, og for det andre høgtlesing frå og samtale om tekstar på spansk. Det krevst ståkarakter i begge eksamenane for å oppnå ståkarakter i heile emnet. Det vil bli gjeve graderte karakterar frå A til F, der E er lågaste ståkarakter. Tillatne hjelpemiddel ved skriftleg eksamen: Eitt og tospråklege ordboker utan grammatikk eller bøyingsmønster; anten Diccionario Larousse del español moderno eller Larousse Diccionario práctico español moderno.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no> - 27.06.2012