Natur og kultur 2589
Innhold
Tematikken i dette emnet er ulike naturoppfatningar i norsk og europeisk kultur slik dei kjem til uttrykk
- i samanhengen mellom norsk natur, næringsgrunnlag, kulturmønster og sjølvforståing
- i europeisk kultur generelt, særleg i dei idéhistoriske tradisjonane frå romantikken og opplysningtida
- bildekunst, i skjønnlitteraturen og i norsk tradisjonsstoff
- i media og samtidskulturen
Arbeids- og læringsformer
Undervisningsforma i eit fordjupingsemne er seminar, med 3-6 timar pr veke. Undervisninga går i vårsemesteret.
Vurderingsformer
Sluttvurdering av fordjupingsemnet skjer ved prøveforelesing på 40 - 45 minutt eller ved munnleg eksamen. Kandidatane bestemmer sjølve om dei vil prøveforelese eller ha munnleg eksamen, men dei skal prøveforelese i det eine fordjupingsemnet og ha munnleg eksamen i det andre. Oppgåva til prøveforelesinga blir oppgitt av instituttet. Kandidatane melder frå ved oppmeldinga til det einskilde emnet kva for evalueringsform dei ønskjer.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no> - 19.03.2012