Masteroppgåve, kulturanalyse 2596

Innhold

Masteroppgåva skal ha ein tverrfagleg karakter. Dette kjem til uttrykk i val av tematikk eller emne som eignar seg for tverrfagleg studium, dvs som kan studerast frå ulike faglege perspektiv. Tema og problemstilling for masteroppgåva er valfritt, men kan byggje på tema og problemstilllingar frå innføringsemnet eller eitt av fordjupningsmena.

Arbeids- og læringsformer

Kvar student får normert rettleiing i arbeidet med masteroppgåva. Det blir halde masteroppgåveseminar med obligatorisk skriftleg og munnleg framlegging kvart semester. Etter val (eventuelt tildeling) av masteroppgåvetema skal kvar student levere ei prosjektbeskriving innan 15. februar første studieår. Prosjektbeskriving og oppgåvetema skal godkjennast av dei fagansvarlege ved studiet før det blir gjort rettleiingsavtale med studenten. Sidan tematikken i masteroppgåva skal vere av tverrfagleg karakter, vil det normalt vere to rettleiarar. Den ferdige masteroppgåva skal leverast innan 10. mai andre studieåret. Dei neste fristane for innlevering er 1. september og 10. januar. Både prosjektbeskriving og masteroppgåva skal leverast og registrerast i administrasjonen (avdelingskontoret).

Vurderingsformer

Vurdering skjer på grunnlag av innlevert oppgåve som kan bli justert etter ei obligatorisk munnleg prøving. Det blir gjeve karakter på masteropopgåva etter ein skal frå A til E for bestått og F for ikkje bestått.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Ellen Schrumpf <Ellen.SchrumpfSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 27.01.2012