American Literature and Culture 1600-1980 2008
Læringsutbytte
Studentane skal ha grunnleggande kunnskap om sentrale amerikanske forfattarar og forfattarskap, og om den kulturelle og idéhistoriske utviklinga i perioden, og skal kunne diskutere form og innhald i tekstpensumet ved bruk av relevant terminologi. Studentane vert forventa å kunne reflektere kritisk, i skriftleg og munnleg form, rundt temaet for emnet. På bakgrunn av denne kunnskapen og desse dugleikane skal dei vidare vere i stand til å orientere seg og vidareutvikle sin eigen kunnskap innan feltet.
Innhold
Emnet vil følgje USA si utvikling fra koloni i utkanten av den vestlege verda til moderne supermakt ved å studere skjønnlitteratur fra eit breidt spekter av genrar, saman med sakprosa fra fleire historiske epokar. Tekstane vert altså lesne i deira politiske og/eller historiske kontekst, men vil også bli diskutert som frittståande verk. Hovuddelen av tekstane vil bli henta frå det 19. og det 20. århundre.
Arbeids- og læringsformer
Undervisninga vert organisert som førelesingar og seminar. Førelesingane vil gje bakgrunn for dei emneområda som vert tekne opp og vil også verte nytta til å gjennomgå pensumlitteratur. Seminara vert nytta til gjennomgang og diskusjon av pensumtekstar, og legg stor vekt på aktiv deltaking frå studentane, særleg med tanke på å fremje den munnlege kompetansen i faget.
Vurderingsformer
Undervegsvurdering i emnet, normalt midt i semesteret, vil omfatte skriftleg eller munnleg prøve og/eller innleveringar som tel til saman 40% av den endelege karakteren. Avsluttande skriftleg eller munnleg eksamen tel 60%. Både undervegs- og sluttprøver må være beståtte for å få bestått karakter i emnet. Ved begge eksamenar vert det gjeve karakterar på ein skala frå A til F, der E er dårlegaste beståttkarakter og F er stryk.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Peter Fjågesund <peter.fjagesundSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 10.02.2012