Biologi og miljø 1 4011

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studentane ha følgjande læringsutbytte i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

* grunnleggande kunnskap om naturvitenskapen si utvikling, evolusjon og utvikling av populasjonar og artar.

* kunnskap om ulike organismegrupper, livssyklusar og biologiske prosessar slik som fotosyntese og respirasjon.

* kjennskap til viktige planteartar i naturen og til korleis ein går fram for å artbestemme desse.

Innhold

Sentrale tema:

* Oppbygging og funksjon av store biologiske molekyl.

* Mitose og meiose

* Naturvitenskapen si utvikling i eit historisk perspektiv, viktige naturvitenskapsmenn.

* Evolusjon: Darwin, naturleg seleksjon, genetisk drift, Hardy-Weinbergs lov, artsdanning, fylogeni, systematikk.

* Fotosyntese og celleanding

* Forekomst, helsekonsekvensar og nytteverdi av ulike mikroorgansimar (protistar).

* Generasjonsveksling, livssyklusar, morfologi, vekst, struktur, reproduksjon, systematikk hos bakteriar, alger, eincella dyr og høgareståande planter.

Arbeids- og læringsformer

Undervisninga vert gitt i form av forelesing, feltekskursjonar og obligatorisk laboratoriekurs. Det viktigaste innhaldet i forelesingane er tilgjengelege for studentane i elektronisk form. Til kvart tema er det laga repetisjonsspørsmål slik at studentane kan jobbe vidare på eiga hand med dette.

På laboratoriekurset blir ca. 200 vanlege planteartar i Norge gjennomgått. Godkjent laboratoriekurs krev deltaking på minst 8 av 10 laboratorieøvingar. Ein del av øvingane er kortare feltturar og i tillegg vert det obligatorisk 2 dagar ekskursjon for å lære å kjenne ulike planteartar.

Det vert gjennomført ei individuell artsprøve, der kunnskap om pensumartane blir prøvd og der studentane får ha med seg godkjente hjelpemiddel.

Vurderingsformer

Det blir gitt karakterar A - F på tre delprøver: artsprøva tel 20 %, ei fleirvalsprøve tel 20 % og ei individuell skriftleg sluttprøve (3 timar) tel 60 % av endeleg eksamenskarakter. Alle dei tre delprøvene må vere bestått og laboratoriekurset godkjent for å få sluttkarakter i emnet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Synne Kleiven <Synne.KleivenSPAMFILTER@hit.no> - 01.11.2012