Biologi og miljø 2 4012
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studentane ha følgjande læringsutbytte i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
* Studentane skal etter fullført emne ha grunnleggande kunnskap om virvellause dyr og virveldyr.
* Dei skal også ha kunnskap om generell økologi, atferd, og norske økosystem.
* Studentane skal kunne anvende fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskningsarbeid, og finne, vurdere og henvise til informasjon og fagstoff.
* Studentane skal kunne framstille dette skriftlig i ein semesteroppgåve samt munnleg slik at det belyser ein problemstilling.
* Etter gjennomført laboratorie- og feltkurs skal studentane ha kunnskap om viktige dyrearter i naturen og ha generell kompetanse om korleis ein går fram for å artsbestemme desse.
Innhold
Sentrale tema:
* Virvellause dyr og virveldyr: morfologi, vekst, struktur, reproduksjon og systematikk.
* Generell økologi, atferd, og norske økosystem: skog, fjell, myr, hav, innsjø, kulturmark og rennande vatn.
* Naturvitskapleg metode: semesteroppgåve, skriftlig og munnleg framstilling.
Arbeids- og læringsformer
Undervisninga vert gitt i form av forelesing, feltekskursjonar og obligatorisk laboratoriekurs. Det viktigaste innhaldet i forelesingane er tilgjengelege i elektronisk form. Til kvart tema er det laga repetisjonsspørsmål slik at studentane kan jobbe vidare på eiga hand med dette.
På laboratoriekurset blir ca. 250 vanlege dyreartar i Noreg gjennomgått. Godkjent laboratoriekurs krev deltaking på minst 8 av 10 laboratorieøvingar. To av øvingane er kortare feltturar (til vann og skog). I tillegg vert det obligatorisk 4 dagar ekskursjon for å lære å kjenne ulike dyreartar (skogstur til bevertjern og/eller beversafari i Bøelva, ”fuglesangtur” og kysttur).
Det vert gjennomført ei individuell zoologisk artsprøve, der kunnskap om pensumartane blir prøvd og der studentane får ha med seg godkjente hjelpemiddel.
Det leverast ei semesteroppgåve til vurdering og den skal framførast munnleg og alle studentar må delta.
Deltaking på ekskursjonane vil koste ca. 500 kr per student.
Vurderingsformer
Det blir gitt karakterar A – F på tre delprøver: individuell artsprøve tel 25 %, semesteroppgåva i grupper tel 25 % og ei individuell skriftleg sluttprøve (3 timar) tel 50% av endeleg eksamenskarakter. Alle dei tre delprøvene må vere bestått, og laboratoriekurset og ekskursjonane godkjent for å få sluttkarakter i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Frank Rosell <Frank.RosellSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Frank Narve Rosell - 31.01.2012