Biotechnology 4313

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten ha følgende læringsutbytte i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

  • ha brei kunnskap om sentrale tema innan bioteknologi
  • ha kjennskap til mange ulike bruksområde for genteknologi og dei ulike metodane som brukast innanfor fagområdet
  • kunne arbeide korrekt med tanke på sikkerheit og kvalitetssikring av prøver på ein genteknologisk lab.
  • kunne anvende teknikkar for ekstraksjon av DNA frå spytt, blod, hår og vev
  • ha kunnskap nok til å setje opp PCR reaksjonar og optimalisere desse
  • beherske ulike teknikkar for påvising av genetiske forkskjellar
  • ha innsikt i relevante fagetiske problemstillingar
  • kunne planleggje å gjennomføre arbeidsoppgåver i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kunne formidle sentralt fagstoff skriftleg

Innhold

Sentrale tema:

  • ekstraksjon av DNA
  • måling av DNA, konsentrasjon og reinleik
  • PCR oppsett og optimalisering
  • påvising av genetiske variasjonar ved hjelp av RFLP
  • sekvensering
  • bruk av mikrosatellittar
  • Real-time PCR og AD-assay
  • Etiske problemstillingar

Arbeids- og læringsformer

Sentrale tema vil bli gjennomgått i form av forelesingar. Kurset er primært eit laboratoriekurs, og studentane skal sjølve utføre alle analysane.

Vurderingsformer

Laboratorierapportar tel til saman 40%, og ei skriftleg sluttprøve (3 timar) tel 60% av endeleg eksamenskarakter.

Det blir teke atterhald om mindre justeringar i planen.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Mona Sæbø <mona.saboSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Anette Norheim Fredly - 25.06.2012