Project Assignment 4209
Læringsutbytte
I prosjektoppgåva skal studentane:
- trengje djupare ned i eit temaområde som inngår i studiet,
- få trening i å skrive ein rapport om det utvalde temaet.
- Prosjektoppgåva kan også fungere som eit verkemiddel til å tilpasse studiet etter spesielle behov eller framtidige yrkesval.
Innhold
Tema for oppgåva blir fastlagt i samråd med rettleiar, og vil derfor normalt måtte liggje innanfor den fagkompetansen som høgskolen har til ei kvar tid.
Arbeids- og læringsformer
Studentar som ønskjer å ta dette emnet, må levere søknadsskjema 1 veke før fristen for semesterregistering. Ein kan få skjemaet ved å henvende seg til instituttkonsulent eller finne det i Fronter. Studentane blir fordelt på rettleiarar, og dersom det er fleire som ønskjer dette emnet enn instituttet har kapasitet til i gjeldande semester, vil studentane bli prioritert ut frå talet på studiepoeng og karakterar.
Ein må skrive oppgåva indivuelt med rettleiing av rettleiar, og må tilsvare eit pensum på ca. 300-350 sider.
Oppgåva kan anten være eit litteraturstudium, basert på innsamling av eigne data fra feltarbeid eller analyse av eksisterande innsamla data frå felt.
Rapportens størrelse: ca. 25 sider inkl. litteraturliste, halvannen lineavstand, skriftstørrelse 12
Rapporten skal innleverast skriftleg i to eksemplar til eksamenskontoret innan oppgitt tidsfrist. Instituttet organiserer en felles dag kvart semester for framlegging av prosjektoppgåver.
Vurderingsformer
Studenten skal gjennomføre ei framlegging av prosjektet munnleg. Innlevering av rapporten skjer ca. ei veke i forkant av den munnlege framføringa. Prosjektoppgåva blir vurdert med karakter. Den munnlege framlegginga kan justere karakteren som blir gitt på oppgåva. Legeerklæring blir krevd ved forseinka innlevering/framlegging.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Howard Parker <Howard.ParkerSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Everett Howard Parker - 23.01.2012