Vanntema 4323
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studentane ha følgjande læringsutbytte i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
* djuptgåande kunnskap om bruk og forvaltning av vassressursar både overflatevatn og grunnvatn.
* vere kjent med internasjonalt/nasjonalt lovverk, viktige aktørar og deira ansvar innan vassforvaltninga
* djuptgåande kunnskap om EU sitt rammedirektiv for vatn og problemstillingar knytta til implementering av direktivet.
* kunne handtere oppgåver innan vatn på eit høgt nivå.
Innhold
Innhaldet i emnet vil kunne variere, men vil ha hovudfokus på sentrale vasstema i samfunnet, både knytta til den globale vassituasjonen og meir lokale problemstillingar. Eitt år kan det til dømes vere eit emne i grunnvassmodellering, eitt anna år eit emne om forvaltning av vassressursar og EU sitt rammedirektiv for vatn.
Ved slutten av semesteret skal studentane levere inn eit prosjektarbeid (i grupper) frå det aktuelle vasstemaet.
Arbeids- og læringsformer
Forelesingar, kollokvier, dataøvinger, lab- og feltarbeid. Det viktigaste innhaldet i forelesingane er tilgjengeleg for studentane i elektronisk form.
Vurderingsformer
Ved slutten av semesteret skal studentane levere inn eit prosjektarbeid (i grupper) frå det aktuelle vasstemaet. Prosjektarbeidet vert vurdert med karakter A til F og tel 100% av karakteren i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Synne Kleiven <Synne.KleivenSPAMFILTER@hit.no> - 27.10.2011