Økologi 4105

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten ha følgende læringsutbytte i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

  • Ha kjennskap til viktige og sentrale omgrep innan atferds-, populasjons- og samfunnsøkologi
  • Kunne gjere greie for og forstå korleis ulike miljøparametre påverkar utbreinga og talet på arter, populasjonar og individ, og samansettinga av ulike samfunn
  • Vere i stand til å sette denne kunnskapen inn i ein større forvaltnings- og bevaringsbiologisk samanheng

Innhold

Sentrale tema:

  • Autøkologi og plantefysiologi, planter og miljøfaktorar, utbreiing til norske planter, vegetasjonssoner og vegetasjonsseksjonar, planter som miljøindikatorar
  • Populasjonsdynamikk, populasjonsvekst, livshistoriestrategi
  • Konkurranse, predasjon, parasittisme, mutualisme
  • Øybiogeografi (geografisk økologi)
  • Naturlig seleksjon, individseleksjon, gruppeseleksjon
  • Optimal furasjerinsstrategi, evolusjonære våpenkappløp, gruppeatferd
  • Seksuell seleksjon, foreldreomsorg og paringssystem, altruisme og egoisme

Arbeids- og læringsformer

Undervisninga vil bli gitt i form av forelesingar.

Vurderingsformer

Det blir gitt karakterar A - F på to avsluttande delprøvar: delprøve 1 (skriftleg, 3 timer) teller 50 % og delprøve 2 (skriftleg, 3 timer) teller 50 % av endelig eksamenskarakter. Begge delprøvane må være bestått for å få sluttkarakter i emnet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Øyvind Steifetten <oyvind.steifettenSPAMFILTER@hit.no> - 14.11.2011