Ecotoxicology 9004
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studentane ha følgjande læringsutbytte i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
- Være i forskningsfronten m.o.t. kor og korleis miljøgifter blir spreidde i naturen og uheldige konsekvensar for økosystem og levande organismar, inkludert menneske.
- Ferdighetar om miljøgifters kjemiske eigenskapar, analysemetodar og teoriar i tolking av miljøgiftars spreiing og omsetning i naturen og i næringskjeder.
- Være i stand til å gjennomføre forskning også på andre økotoksikologiske problemstillingar enn det som direkte inngår i pensum. Vidare skal dei kunne handtera komplekse forskningsprosjekt, samt være i stand til å evaluere relevante etiske implikasjonar.
Innhold
Kurset gir kunnskap om akkumulering, spreiing og nedbryting av framandstoff og naturlege giftstoff i naturen, og bruk av biomarkørar til påvising av giftstoff i miljøet. Genetisk og biokjemisk økotoksikologi blir gjennomgått. Ein tar også for seg dei viktigaste miljøgiftene med tanke på slike som har mest å seie under våre tilhøve: metall, radioaktive stoff, persistente organiske og metall-organiske forbindelsar. Både godt kjente miljøgifter som DDT, PCB, PAH og nyare kjemikalium som bla ulike biocider og ulike stoff som tilførast produkt for å oppnå ønska brukareigenskaper (eks. flammehemmarar, stoffmjuknare og stoff med ulike overflateaktive eigenskapar) inngår. Ein omtalar toksiske verknader både på individnivå og på høgare organisasjonstrinn. Man tar også for seg genetiske skilnader og kva effekt dette har for effekten av eksponering. I semesteroppgåva skal studentane dokumentere brei kunnskap om eit aktuelt tema innan økotoksikologi, gjennom semestaeroppgåva og plenum presentasjon av denne. På labkurset får studentane trening i bestemming av tilstandformar av metall i vatn, måling av Hg i fiskekjøtt, samt påvisning av ulike miljøgifter i sigarett røyk.
Arbeids- og læringsformer
Undervisninga blir gitt i form av forelesing (både av interne og eksterne forelesarar), rettleiing i samband laboratoriekurser, samt skriving av laboratorierapport og semesteroppgåva, I tillegg inngår skriftlig pensum (lærebok, publikasjoner). For både semesteroppgåva og laboratoriekurset skal det leverast ein skriftleg rapport på standardisert rapportmal til på ein på førehand angjeven dato. Semesteroppgåvå skal presenterast i plenum.
Vurderingsformer
Det blir gitt graderte karakterar på seminaroppgåve og skriftleg sluttprøve (4 timar). Seminaroppgåve tel 20% og skriftleg eksamen tel 80% av endeleg eksamenskarakter. Laboratoriekurset og laboratorierapporten må vere bestått for å få godkjent evaluering i emne.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Espen Lydersen <espen.lydersenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Anette Norheim Fredly - 13.09.2012