Nynorsk før og no 2121

Læringsutbytte

Etter å ha teke fordjupingsemne i nynorsk skal studenten ha god kunnskap om

  • nynorsk som heilskap
  • historia bak nynorsk
  • bruken av nynorsk hos utvalde forfattarar opp gjennom tidene
  • generelle nynorske skrivereglar
  • ulike haldningar og vinklingar i språkdebatten

Formålet med emnet er fyrst og fremst å gje studentane eitt breitt grunnlag for å meistre den nynorske språkforma i tillegg til god kjennskap til den nynorske skrifttradisjonen. Det er og eit mål at studenten skal vere i stand til å orientere seg i den stadig aktuelle debatten om sidemålsordninga.

Studenten skal kunne uttrykke seg og resonnere på godt og stilreint nynorsk.

Emnet vil gje studenten kompetanse til å undervise og rettleie andre, særleg elevar, i deira nynorskbruk. Studiet skal vere praktisk med tanke på nynorskopplæring i skuleverket, men og gje studenten ein god bakgrunn for å kunne gjere seg opp egne tankar om nynorsken som språkform spesielt og sidemålsordninga generelt.

Innhold

I undervisninga vil ein ta utgangspunkt i ei innføringsbok i nynorsk med tanke på skrivereglar og det reint språklege (Olaf Almenningen: Innføring i nynorsk for høgare utdanning). I tillegg vil det bli gjeve ut eit kompendium med nynorske prosatekstar, nynorske fagtekstar, artiklar om nynorsk språk osv frå ulike periodar i historia åt nynorsken. Det vil bli lagt vekt på å gje ei brei framstilling av både språkbruk, kultur og politikk i samband med nynorsken som tema, og studentane må derfor lese eit utval artiklar som omhandlar nynorsk frå ulike synsvinklar. Studiet legg opp til ei praktisk tilnærming med analyser, oppgåveløysing og debatt.

Arbeids- og læringsformer

Undervisning i vårsemestret, 2 veketimar i 15 veker. Forelesing, seminar og individuell rettleiing. Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjuping i norsk.

Vurderingsformer

Individuell heimeoppgåve på ca. 4000 ord, som tel 40 %.

5 timars sluttprøve, som tel 60 %.

Det blir kravd ståkarakter på både heimeoppgåva og sluttprøva.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no>,Evy Beate Tveter <evy.b.tveterSPAMFILTER@hit.no> - 22.11.2011